Levering av CLV-fartøyet 'Nexans Aurora'

Published


Den siste milepælen i bygginga av Nexans Aurora vart nådd i dag, 31. mai 2021, då kabelleggingsskipet, flaggskipet i Nexans-flåten, vart levert frå Ulstein Verft.

Nexans Aurora on sea trial, photo Per Eide Studio.
Nexans Aurora on sea trial, photo Per Eide Studio.

Det 149,9 meter lange og 31 meter breie fartøyet er spesialisert i transport og installasjon av undersjøiske høgspentkabelsystem og ei rekke undersjøiske konstruksjonsoppgåver. Nexans Aurora er utstyrt med spesialdesigna utstyr for transport og legging av kabel og umbilical inkludert buntlegging, kabelvern og -spleising.

Fartøyet vil ha ei viktig rolle i Nexans si forsyning av avanserte undersjøiske høgspentsystem for å støtte elektrifisering, slik som samband mellom land og regionar, fornybare offshore-løysingar og elektrifiseringsløysingar for andre offshore-installasjonar.

- Det er ei bragd at Nexans Aurora har vorte levert på tid trass i at ein samtidig har handtert Covid-19-pandemien, med alle implikasjonar, avgrensingar og forseinkingar innan både produksjon, innkjøp, reiserestriksjonar, karantene og mykje meir. Det er ein prestasjon at Ulstein har klart å halde Covid-19 utanom verftsområdet gjennom heile prosjektet, kommenterer Ulstein Group sin konsernsjef, Cathrine Kristiseter Marti.

Ulstein Verft sin prosjektleiar, Hans Karsten Voldsund, understrekar at det gode samarbeidet, innsatsviljen og hardt arbeid av alle involverte har vore heilt avgjerande for at prosjektet har gått så godt.

Nexans og Ulstein sitt team etter flaggskiftet i dag.
Nexans og Ulstein sitt team etter flaggskiftet i dag.

Nexans sin prosjektleiar Frode Beyer er nøgd og letta. - Dette er ein minneverdig dag for prosjektteamet og for Nexans, og eg vil takke alle som har bidratt til suksessen i dette prosjektet. Vi ser no fram til å få Nexans Aurora ut i verda for å bidra til Nexans sitt ønske om å "Elektrifisere framtida" for eit grønare tilvære.

Fartøyet blir døypt i ein seremoni i Ulsteinvik 8. juni, før Nexans Aurora reiser til heimehamna Halden og Nexans sitt kompetansesenter for undersjøiske høgspentkablar.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Lars L Olsen DSC4221 compbw
Lars Lühr Olsen

Managing director

Tel: +47 908 49 800

lars.luhr.olsen@ulstein.com