Kvalitet i alle ledd

Published


- Kvalitet i alle ledd, svarar Per Jarle Ytrebø ved Ulstein Elektro installasjon på kvifor dei ligg så godt an med oppsettet av IAS-systemet (integrert automasjonssystem) på kabelleggingsskipet Nexans Aurora som er under bygging ved Ulstein Verft.

Front Nexans Aurora, Ulstein Verft.
Front Nexans Aurora, Ulstein Verft.

Ytrebø legg spesielt vekt på samarbeidet og jobben i lag med Blue Ctrl.

- Kvalitet i alle ledd, seier Per Jarle Ytrebø i Ulstein Elektro Installasjon om IAS-systemet på Nexans Aurora.
- Kvalitet i alle ledd, seier Per Jarle Ytrebø i Ulstein Elektro Installasjon om IAS-systemet på Nexans Aurora.

– Vi har sett opp 11 operasjonsstasjonar og sørga for fysisk oppkobling av løysinga. Då det var gjort, rykka Blue Ctrl inn og starta arbeidet med å sette opp systema.

IAS-systemet på Nexans Aurora er bygd på plattforma X-CONNECT™ frå Blue Ctrl. På ein av operasjonsstasjonane er Eirik Hareide frå Blue Ctrl godt i gang med å teste løysinga.
-Det er eit stort anlegg med mykje utstyr som skal testast, men det har gått fint så langt, fortel han.


Kva er fordelen med X-CONNECT?

– Det er ei stabil løysing seier Eirik. Per Jarle legg til at skjermar og mimikk på operatørstasjonane berre fungerer. Det er lite feil på løysinga.

Strenge krav til systemet før det kjem om bord er nok også med på å luke vekk feil. Før løysinga kan sendast ut må den gjennom ein Factory Acceptance test.

På Nexans Aurora er det mykje som skal gjerast for å vere sikker på alt verkar som det skal. Per Jarle viser fram ein 250-siders perm som er tettskriven med sjekkpunkt som skal kvitterast ut. Det er verftet si oppgåve å lage til IO-lista og så må alle underleverandørar kvittere ut for sine system.
- Det kritiske då, seier Per Jarle, er at loopane er heile, og her ligg ansvaret på Ulstein Elektro Installasjon.

Eitt av dei tolv IO-skapa som no vert gjort klare på Nexans Aurora.
Eitt av dei tolv IO-skapa som no vert gjort klare på Nexans Aurora.

Om bord på Nexans Aurora er det sett opp 12 store IO-skap. Skapa er fullstappa med leidningar som høyrer i lag og skal kvar for seg danne loopar. Og det må vere heile loopar for at signala skal nå fram til operasjonssentralane. Arbeidet krev tolmod og nøyaktigheit når kvar og ein loop skal testast.

Tilbake i kontrollrommet står Eirik og gjennomfører fleire testar. - No skal vi snart til og teste PMS (Power Management System) og det er ein milepæl i prosjektet. At vi ligg føre skjema, er ekstra kjekt, seier Eirik før merksemda må vende tilbake til ein av skjermane i kontrollrommet.

Please contact us for more information

Contacts