Cruiseskipet ‘Sylvia Earle’ har gjennomført prøvetur

Published


SunStone Ships sitt nybygg, 'Sylvia Earle', har fullført prøvetur i siste halvdel av oktober 2021. Ulstein har levert skipsdesignet, CX103, og ei omfattande utstyrspakke og har også vore til stades på CMHI-byggeverftet med eit oppfølgingsteam gjennom skipbyggingsprosjektet.

Utstyrspakken inkluderer Brunvoll sin leveranse av ror, styremaskiner, baugthrusterar, gir og propellar, Wärtsilä sine generatorsett og SCR-system, ei omfattande HVAC-leveranse frå Aeron og Ulstein sin eigen leveranse av det integrerte automatiseringssystemet (IAS), kraftstyringssystemet (PMS), ein kraftpakke som femner om tavler, baugpropellstartarar og drives), bru- og navigasjonsutstyr, og ULSTEIN COM (Internett, TV, telefon, PA-anlegg).

Vi har halde fleire cruisewebinar om desse skipa, sjå webinara her.


INFINITY er SunStone sin cruiseskipsserie der alle skipa er designa av ULSTEIN, basert på CX103-designet. Kvart av fartøya har blitt utleigde til ulike operatørar og det fleksible designet har vorte tilpassa kvar enkelt operatør sine behov. ‘Sylvia Earle’ er chartra av det australske selskapet Aurora Expeditions, som var dei første til å ta i bruk X-BOW® innan cruisesegmentet for å gjere havkryssingar meir komfortable for passasjerane.

I følgje ei pressemelding frå SunStone Ships tok prøveturen i sør-Kinahavet til den 17. oktober 2021. I løpet av fem dagar vart fartøysystema testa.

Cruisefartøya av CX103-designet er 104 meter lange og 18 meter breie, med ein djupgang på 5,1 meter. Passasjerkapasiteten varierer mellom 130 og 200 og mannskapskapasiteten mellom 85 og 115. Fartøya er bygde i samsvar med standardane Ice Class 1A og Polar Code 6 og overheld regelverket for Safe Return to Port. Sjølv om skipa har ein kompakt storleik, har dei alle dei tenester og fasilitetar som ein kan vente om bord på eit luksuriøs cruiseskip. Skipa har restaurant, bar, spa, treningsstudio, ulike salongar, utandørs boblebad og basseng, og i tillegg ei rekke moglegheiter for opplevingar utanfor fartøyet, mellom anna gummibåtar og kajakkar.

Så langt har tre av skipa i INFINITY-klassen blitt leverte, 'Greg Mortimer', 'Ocean Explorer' og 'Ocean Victory', medan tre fartøy er i ulike fasar av skipsbygginga: 'Sylvia Earle', 'Ocean' Odyssey' og 'Ocean Albatros'.


Please contact us for more information

Companies

Contacts