Vellukka prøvetur for ‘NG Endurance’
Prøveturen til NG Endurance vart gjennomført i løpet av helga. No skal ekspedisjonscruiseskipet snart returnere til Ulstein Verft for den avsluttande byggefasen før skipet legg ut på første tur til Arktis.
Ein prøvetur inneber omfattande testing av systema om bord. Mellom anna vert framdrift og navigasjon testa ut, og ulike naudmanøvrar som Safe Return To Port.
På prøveturen deltek mellom andre personar frå dei ulike fagdisiplinane i Ulstein, til dømes design, engineering og prosjektleiing, som samarbeider tett med teamet i reiarlaget Lindblad Expeditions. Også kapteinane frå Lindblad er om bord. I dei siste timane før skipet returnerer til verftet vert det reiarlaget som får høve til å operere skipet og lære det betre å kjenne.
‘National Geographic Endurance’ er det første polare nybygget til Lindblad Expeditions. Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS.
Følg skipsbyggingsprosjektet her.
Oclin sin film frå prøvetur:
Please contact us for more information
Companies
-
Ulstein Design & Solutions AS
P. O. Box 278,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway -
Ulstein Verft AS
P. O. Box 158,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway