Polarskipet National Geographic Resolution under tak

Published


Den 11.11.2020 vart Lindblad sitt neste ekspedisjonscruiseskip, National Geographic Resolutions, slept inn i dokkhallen til Ulstein Verft. Hallen vert no tømt for vatn, og ein fase med høg aktivitet i skipsbyggingsprosjektet tek no til.

Oppstarten av inndokkinga til 'National Geographic Resolution'. Foto: Daniel Osnes.
Oppstarten av inndokkinga til 'National Geographic Resolution'. Foto: Daniel Osnes.

Skroget kom fram til Ulstein Verft den 22. oktober. Sidan då har det mellom anna vore arbeidd med lyssetting og sikring. No når skipet har kome inn i dokkhallen, tek innreiingsarbeidet til for fullt. Det vert vidare utført elektrisk arbeid, isolering, rørarbeid, stålutrusting og montering av utvendige vindauge - for å nemne nokon av oppgåvene.

På veg inn i dokkhallen ved Ulstein Verft. Foto: Daniel Osnes.
På veg inn i dokkhallen ved Ulstein Verft. Foto: Daniel Osnes.

Dokkhallen vart ferdigstilt i 2002, og gjer at skipsbygginga går føre seg i eit tørt og kontrollert miljø. Dokka har ei totallengde på 225 meter, og kan bli delt opp i to delar. Den indre delen, dokkhallen, har ei lengd på 110 meter, og porten har ei breidde på 34 meter. Dei to hovudkranene i dokkhallen kan ta tandemløft opp til 500 tonn.

Skipet er søsterskip til National Geographic Endurance, som vart levert våren 2020. Lindblad Expeditions er eit cruisereiarlag med hovudkvarter i USA. Dei samarbeider tett med National Geographic.

Sven Lindblad er president og administrerande direktør i Lindblad Expeditions. - Vi vart fascinerte av teknologien bak X-BOW®. Det var vårt hovudomsyn, seier han. Les hans historie.

Please contact us for more information

Companies

Contacts