Nullutslepp i installasjon av vindturbinar
Nullutsleppsoperasjonar innan havvindinstallasjonar kan gjerast allereie i dag. I 75 prosent av tida kan vindturbininstallasjonsfartøyet (WTIV) av designtypen ULSTEIN J102 arbeide i nullutsleppsmodus. Ved å bruke lett tilgjengeleg teknologi er tilleggskostnaden lågare enn 5% av total CAPEX.
Dei fleste nye jack-up-design har eit batterihybrid-system i tillegg til dieselgeneratorar, og med ei framtidig moglegheit for eit hydrogendrive brenselscellesystem. Ulempa med eit batterilagringssystem (BESS) er prisen og ikkje minst vekta. For eit WTIV-design er vektinnsparingar avgjerande.
Ei løysing som tek industrien frå å vere ‘hydrogen-førebudd’ til ‘hydrogen-driven’
I staden for å vente på at teknologien skal modnast til perfeksjon og utvikle eit skipsdesign som er førebudd for hydrogendrivne brenselceller ein gong i framtida, har Ulstein tatt ei pragmatisk, men realistisk, tilnærming.
- Vi har gjort grundige analysar av driftssyklusen til WTIV-skip og sett på kraftbehovet i ulike operasjonar, seier Ko Stroo, som er produktsjef i Ulstein. – Vi såg då at WTIV-skipa oppheld seg 75 prosent av tida i ei oppjekka stilling der dei utfører kranarbeid. Ved å kombinere eit hydrogenbrenselcellesystem og eit relativt lite BESS-system, vil ein kunne dekke det totale kraftbehovet om bord, inkludert maksbelastinga til krana.
Attraktiv forretningsplan for turbininstallasjonsfartøy
Dette er Ulstein sitt andre hydrogenhybrid-design for havvindindustrien.
- Vi har lagt til grunn den same designfilosofien som vi gjorde i 2019 då vi lanserte vårt første hydrogendrivne SX190-design, som er eit offshorekonstruksjonsskip. Vi ser at vi oppnår endå større fordelar på eit turbininstallasjonsfartøy, seier Edwin van Leeuwen, administrerande direktør for Ulstein sitt designkontor i Rotterdam.
Hydrogenhybridsystemet i ULSTEIN J102-designet er tilpassa slik at den framtidige vidareutvikla hydrogenteknologien kan bli montert i fartøyet utan større endringar. - Den avgrensa tilgangen til hydrogenbunkring i hamnene blir ofte sett på som eit stort hinder. Med dette modulbaserte oppsettet bryt vi høne- og egg-dilemmaet, seier Ko Stroo. - Det gir fleksibilitet til at skipet kan arbeide over heile verda, også dersom bunkringsinfrastrukturen endå ikkje er til stades.
Eit tiltak for å nå klimamåla
Ulstein er deltakar i FN sitt Global Compact-program og støttar FN sine berekraftsmål.
- Det sterke fokuset på fornybar energi og utsleppsreduksjonar for å nå klimamåla bør også synest att i investeringar i reinare drift når ein installerer havvindmøller, seier Edwin van Leeuwen. - Hydrogen er eitt av dei mest lovande nullutsleppsdrivstoffa til offshoreskip, og vi ynskjer å vere leiande innan utvikling av berekraftige skip.
Hovudtrekk ved ULSTEIN J102-designet:
• CO2-reduksjon per år: 4000 tonn (mt)
• Utsleppsreduksjon per installasjonssyklus: 25%
• H2-brenselcellesystem: PEM-brenselcelle
• H2-lagringssystem: 7 x 40fots konteinarar komprimert H2
• Batterilagring
Please contact us for more information
Cornerstone Building (6th floor)
Rotterdam Airportplein 32
3045 AP Rotterdam
The Netherlands