Nexans Aurora vart sjøsett
Den 8. november 2020 blei Nexans sitt kabelleggingsskip, Nexans Aurora, sjøsett ved Ulstein Verft. Det 149,9 m lange og 31 m breie fartøyet skal arbeide i marknaden for fornybar energi og skal mellom anna installere sjøkablar som gjer at havvindfarmar kan bli kopla på straumnettet og såkalla interconnector-system.
Skroget kom til Ulstein Verft i juni 2020 og har i fem månader opphalde seg i det beskytta miljøet i verftet sin dokkhall. I løpet av denne perioden er det utført mange ulike arbeidsoppgåver, mellom anna elektroinstallasjonar, isolasjonsarbeid, montering av det resterande av hovudutstyret (motorar, hovudtavler, thrusterar, vinsjar med meir) og kabelleggingsutstyret, mindre og større installasjonar, innvendig og utvendig maling.
Les om tidlegare milepælar i prosjektet
Etter sjøsettinga vert Nexans Aurora lagt til kai ved Ulstein Verft og vil etter dette gå inn i dei siste utrustings- og oppstartsfasene.
Fartøyet kjem til å verte flaggskipet i Nexans-flåten. Kombinasjonen av erfaring og kompetanse i Nexans, Skipsteknisk, Ulstein Verft og MAATS Tech, som kvar for seg er leiande innan sine felt, har ført til utviklinga av eit avansert kabelinstallasjonsskip som skal operere over heile verda, inkludert oppdrag frå grunt til djupt vatn.
Please contact us for more information