Havvindskipet har vorte dokka ut

Published


Det neste serviceoperasjonsfartøyet (SOV) for Bernhard Schulte, byggnummer 315 ved Ulstein Verft, vart dokka ut frå dokkhallen søndag 26. januar 2020. Fartøyet er no på plass i ytre dokk for vidare utrusting og testing.

Den utvendige malinga av skipet har vorte fullført inne i dokkhallen før utdokkinga. Ein er no i gong med idriftssettinga (kommisjoneringa) av utstyr, tavlene er straumsette og hovudmotorane har blitt starta opp. I tillegg har proviantkrana vorte testa, og testing av davitane, dei hydrauliske løftesystema for mellom anna livbåtane, har starta. Krengeprøva er planlagt i siste halvdel av februar.

Skipet er utstyrt med eit batterihybridsystem: Nyleg vart energistyringssystemet testa.

Innovasjonane X-BOW® og X-STERN® gir forbetra sjøeigenskapar og sikkerheit samtidig som dei reduserer drivstofforbruket.

Fartøyet kjem til å verte verande i ytre dokk ei stund, før det vil bli lagt til utrustingskaia. Prøvetur er planlagt i starten av mars.

Bygg 315 er Ulstein sitt tredje havvindskip for Bernhard Schulte, dei to første er Windea La Cour og Windea Leibniz.

Please contact us for more information

Companies

Contacts