Om eit par månaders tid vil desse vere ute i arbeid på Acta Centaurus

Published


Om litt over to månader vil det neste havvind-serviceskipet for Acta Marine, "Acta Centaurus", vere ferdig frå Ulstein Verft og er då klar til å ta på seg CSV- og SOV-oppgåver. Site temaet frå Acta følgjer opp skipsbyggingsprosjektet, og søndag 17. februar 2019 var dei til stades ved installasjonen av helidekket.

- Det viktige topside-utstyret, som kran, gangveg og tårn er allereie installert og testa. Helidekket var det siste av denne typen utstyr som vart installert, seier Marcus de Greef, som er prosjektleiar for Acta Marine.

Marcus de Greef, til venstre, og teamet hans på helikopterdekket før løftet.
Marcus de Greef, til venstre, og teamet hans på helikopterdekket før løftet.

Marcus held fram;

- Igangkøyring (kommisjonering) av skipssystema som til dømes hovudmotorar, framdriftssystemet, brumanøvreringssystemet og fullføringa av innreiinga vil stå sentralt i dei komande vekene. Krengeprøva og prøveturen er dei viktigaste milepælane som no står att.


Eit sosialt mannskap, som verdset komforten og fasilitetane om bord

Fleire av site teamet skal jobbe om bord på Acta Centaurus, og fleire av dei har også jobba med systerfartøyet, Acta Auriga. Ut frå dei historiene dei fortel om det daglege livet om bord på skipet, kan vi slå fast at mannskapa og klientane er svært sosiale. Eitt spelerom er ikkje nok, så i samarbeid med Ulstein har dei greidd å få plass til eitt ekstra spelerom. Vi snakkar ikkje berre Nintendo, her er det også snakk om tradisjonelle brettspel som sjakk og Risk. Treningsromet er også aktivt i bruk, for ikkje å snakke om badstua.

Samarbeider tett med verftet

Michelle Loeffter skal vere 1. offiser om bord. - Eg held no på å gjere meg kjend med fartøyet og skipssystema, seier ho. – Jobben min, på same vis som dei andre i teamet, er dessutan å følgje opp skipsbyggingskontrakten med verftet.

Det kompakte verftet gjer det enkelt å få tak i dei ein treng å snakke med. – Vi har vekesmøte med prosjektleiinga ved verftet, i tillegg så har vi dagleg møte med avdelingsleiarane ute, og desse møter vi stadig på om bord i løpet av ein arbeidsdag, seier Marcus.

Småby

Verftet er lite, og det er også staden Ulsteinvik, med færre enn 6000 innbyggarar. Naturen er flott, med fjordar som skjer seg inn gjennom landet, i tillegg er sunnmørsalpane ein kort tur unna. Men utvalet av restaurantar og fritidstilbod er kanskje meir sparsamt enn det teamet er vande med.


- Eg har jobba på sjøen i 32 år, og vore kaptein dei siste 25, seier Fons Martens, som skal vere kaptein på Acta Centaurus. – Eg har vore på nybyggoppfølging på verft fleire stader i verda. Som sjøfolk er vi vande med 4-vekers skift, det gjer oss ingenting. Vi har dessutan lange arbeidstimar med lite fritid. Vi lagar mykje av maten sjølv, sidan prisane på å ete ute sikkert er dobbel samanlikna med Nederland. Og vi er hyppige til å trimme på Aktiv-senteret!

På spekulasjon

- Søsterskipet Acta Auriga vart bygd på spekulasjon og fekk ein to-årskontrakt med OceanBreeze Energy før skipet vart levert frå Ulstein Verft. Acta Centaurus er også bygd på spekulasjon, og det gjeld også for helidekket. – Fleire havvindinstallasjonar krev no helidekk på skipa, fordi dei er plasserte lenger ute i sjøen. Vi bestemte oss for å installere eit helidekk for å auke fleksibiliteten til skipet, fortel Marcus.

Please contact us for more information

Companies

Contacts