Nytt kabelleggingsskip tek form

Published


Den 15. oktober 2019 var Nexans vertskap for ein ny milepæl, blokkseremonien, til sitt nye kabelinstallasjonsfartøy ‘Nexans Aurora’. Nybygget skal ferdigstillast på Ulstein Verft.

'Nexans Aurora'
'Nexans Aurora'

Dei store blokkene som til saman skal utgjere skroget vert no samanstilte på CRIST i Polen og representantar frå reiarlaget, skipsbyggarane, skipsdesignaren og andre samarbeidspartnarar var til stades ved markeringa.

Skipet og løysingane om bord er utvikla gjennom eit samarbeid med Nexans, Skipsteknisk, Ulstein Verft og MAATS Tech.

- Bygginga av dette banebrytande kabelleggingsfartøyet er ein viktig milepæl i vår langsiktige strategi for framtidas energimarknad. Med blokkseremonien har vi tatt eitt steg vidare, seier Ragnhild Katteland, CEO i Nexans Norway. - ‘Nexans Aurora’ vil vere ein viktig ressurs til å kunne halde posisjonen vår som ein viktig totalaktør innan legging av sjøkablar, der vi bidreg til å sikre verdas energiforsyning ved å installere kabelsamband over heile verda og til det grøne skiftet.

- Fartøyet er godt førebudd for å gjere komplekse konstruksjonsoppgåver under vanskelege vêrforhold overalt i verda. Ulstein Verft skal ferdigstille skipet, noko som mellom anna inkluderer utrusting, kommisjonering og testing før fartøyet skal leverast i 2021. Vi er godt førebudde og klare til å sluttføre dette spennande prosjektet for Nexans, fortel administrerande direktør Lars Lühr Olsen i Ulstein Verft.

Å bringe energi til verda

Nexans har meir enn eitt hundre års erfaring med undersjøiske kabelinstallasjonar, noko som vert implementert i 'Nexans Aurora'; med dette skipet vert kabelinstallasjon løfta opp til neste nivå innan kapasitet og yteevne.

DP3-skipet har ei svingskive med kabelkapasitet på 10 000 tonn, som utgjer eit nytt steg innan offshore fornybar energi. Skipet vil bli utstyrt for legging av sjøkablar, som omfattar buntlegging, kabelskøyting og
-reparasjonar, grøfting og sikring av kabelsystem. Skipet er utvikla for å vere lett manøvrerbart og ha god posisjoneringsevne sjølv ved operasjonar i røft vêr.

Fartøyet vil ha ei viktig rolle i installasjonen av Nexans sine sjøkablar som skal gi meir energi til verda, bidra til å kople havvindfarmar til straumnettet, støtte elektrifisering av offshore oljeinstallasjonar og bygge utjamningsleidningar mellom land.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com

Contacts