NATIONAL GEOGRAPHIC ENDURANCE I SITT RETTE MILJØ

Published


Det første X-BOW®-ekspedisjonscruiseskipet for Lindblad Expeditions kom endeleg ut i sitt rette element då det vart sjøsett laurdag 7. desember 2019. På grunn av polarklasse 5 (PC5) kan skipet gå langt inn i polare område. X-BOW® sikrar ei komfortabel overfart for opp til 126 passasjerar over tøffe havstrekningar.

National Geographic Endurance er det første av to fartøy av Ulstein sitt CX104-design for bygging ved Ulstein Verft på Sunnmøre. I denne regionen har det vorte bygd skip sidan før vikingtida. Den patenterte baugutforminga X-BOW® gjer at skipet skjer seg gjennom bølgene, noko som gir mjuke rørsler også ved ugunstige forhold, og reduserer sjøsprøyt på dekk. Dette gjer fartøyet særskilt veleigna for fjerntliggande reisemål.

Dette er éin av grunnane til at skipet har blitt oppkalt etter polarhelten Ernest Shackleton sitt favorittfartøy, Endurance. Endurance og mannskapet hennar utheldt ein av dei tøffaste polarekspedisjonane vi veit om. Dagens moderne skip, National Geographic Endurance, er spesialbygd for polarnavigering og vil gi langt høgare komfort for dei som er om bord. Skipet har isklassen ‘Polar Code Category A’ og er designa for å kunne utføre polarreiser gjennom heile året. Skipet har med seg ei lang rekke ekspedisjonsutstyr for ulike aktivitetar i polarområda. Skipet sine store drivstoff- og vasstankar gjer at skipet kan tilby lengre reiser til avsidesliggande område.

National Geographic Endurance har plass til 126 passasjerar i 69 utvendige lugarar. Dei fleste lugarane har balkongar med skyvedører som gir rikeleg med naturleg lys inn i lugaren og opnar for spektakulær utsikt.

Fartøyet er no i sluttfasen før levering i 2020.

Video: X-BOW – forklart av vår sjefsdesignar

Please contact us for more information

Companies