Første X-BOW®-ekspedisjonscruisefartøy ved Ulstein Verft

Published


Dei tilsette på Ulstein følgde i dag spente med då skroget til det polare ekspedisjonscruiseskipet 'National Geographic Endurance' kom fram til verftet. Dette er første gong eit X-BOW®-cruiseskip skal byggast på verftet. Fartøyet til Lindblad Expeditions Holdings, Inc. skal no gjennom eit omfattande utrustingsarbeid.

The hull of the 'National Geographic Endurance' arriving at Ulstein Verft.
The hull of the 'National Geographic Endurance' arriving at Ulstein Verft.

Skroget skal etter kvart inndokkast i dokkhallen, der ein tek til med isoleringsarbeid og elektroinstallasjonar. Hovudutstyret, mellom anna motorar og thrusterar, skal monterast, og seinare tek innreiingsarbeidet til. Fartøyet er planlagt for levering i første kvartal 2020.

Konsernsjef og president for Lindblad Expeditions, Sven Lindblad, var fascinert av Ulstein si X-BOW®-løysing då han valde kven som skulle bygge det første polare nybygget i flåten. Her er Lindblad-historia med Sven sine ord.

X-BOW®-skroget reduserer fartøyet sin miljøpåverknad. X-BOW® vart opphavleg tatt i bruk på offshorefartøy i Nordsjøen, med sikte på å oppretthalde fart og komfort i nokre av verdas villaste hav. Dei mjukare rørslene fører til redusert drivstofforbruk.

Den uhindra utsikta gjer også at moglegheitene for å observere dyrelivet vert optimalt. Designet gjer det mogleg å sjå rett fram og ned langs skutesida utan å måtte lene seg framover.

‘Endurance’ har mykje rom å tilby passasjerane. Fartøyet er 124,4 meter langt og har lugarkapasitet for 126 passasjerar. Dei 69 romslege gjestelugarane og suitene inkluderer 12 enkeltlugarar.

Skipet har høg komfortklasse med førsteklasses service for å gi gjestane eit roleg og fredeleg miljø om bord. Spa- og treningsområda inkluderer behandlingsrom, badstuer, treningsrom, avslapningsområde og yogarom, og to boblebad med glasveggar ut i sjøen for å kunne slappe av i nær kontakt med naturen. Mattilboda omfattar ein hovudrestaurant med eineståande utsikt, grill- og bistroområde, og eit område for privat bevertning.

Lindblad Expeditions har også ein avtale med Ulstein om design og bygging av eit fartøy nummer to for levering 2021.

Lindblad Expeditions Holdings, Inc. er eit selskap som tilbyr ekspedisjonsreiser, og samarbeider med National Geographic for å inspirere folk til å utforske og bry seg om planeten. Gjennom dette samarbeidet vert det laga marine ekspedisjonsprogram som skal fremje naturvern og berekraftig turisme. Reisene er pedagogisk orienterte, der gjestane får møte og lære av leiande forskarar, samtidig som dei utforskar fantastiske naturmiljø både over og under sjøen ved bruk av toppmoderne leiteverktøy.

ULSTEIN har hovudkontor i Ulsteinvik. ULSTEIN leverer produkt og tenester innan skipsdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden. I meir enn 100 år har dei skapt morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar saman med sine partnarar. Sidan lanseringa av X-BOW® i 2005 har meir enn 100 X-BOW®-skip vorte leverte frå Ulstein Group.

Please contact us for more information

Companies

Contacts