Kjølstrekk for OHT sitt nye havvindfartøy

Published


Det norske selskapet Offshore Heavy Transport (OHT) har under bygging eit kraninstallasjonsskip for frakt og installasjon til bygging av havvindfarmar. Designet er basert på ‘Alfa Lift’-designet frå Ulstein. Skipet vert bygd ved China Merchants Heavy Industry (CMHI) i Kina, der kjølstrekk-milepælen nyleg vart markert.

Kjølstrekkseremonien markert ved CMHI-verftet.
Kjølstrekkseremonien markert ved CMHI-verftet.

For første gong har blokkene til skipet vorte samla i tørrdokka for å bli sette saman. No kan fartøyet snart byrje å ta form, fleire veker før plan. Dette er dermed det neste viktige steget for å få skipet ut i marknaden, etter at brennestarten fann stad 1. mars i år.

Denne milepælen blei markert med ein kjølstrekkseremoni 25. september. OHT sin administrerande direktør Torgeir Ramstad takka arbeidarane hos CMHI og leverandørane for framdrifta sidan den første milepælen i mars.

- OHT verdset kvalitet, og vi har jobba tett saman med verftet for å sikre at vi får den ypperste byggekvaliteten, sa Ramstad.

- Dette banebrytande fartøyet vil yte tenester til den veksande havvindmarknaden i fleire tiår framover.

Bloggartikkel: 5 stages in the lifecycle of an offshore wind farm

Det spesialbygde fartøyet skal frakte og installere fundament til havvindfarmar. Skipet er 48 000 dødvekttonn og har ei 3000-tonns kran, og kan utføre tunge kranløft medan hovuddekket er senka ned under vatn. Skipet tilfredsstiller dei komande krava i havvindindustrien. Blant anna kan det på éin tur frakte 10-11 havvindfundament eller tårn om gongen, kvar av dei på 1500 til 2000 tonn, for framtidas største forventa vindturbingeneratorar.

Den neste større milepælen blir sjøsetting i 2020, følgd av levering i 2022.

Bloggartikkel: Dedication to offshore wind

OHT spesialiserer seg på å frakte store, tunge laster innan ulike marknader som olje og gass, havvind og store infrastrukturprosjekt. Seaway Alfa Lift-skipet vil bli det første skipet i flåten som vert bygd spesifikt for havvindmarknaden.

CEO Torgeir Ramstad i OHT.
CEO Torgeir Ramstad i OHT.

Please contact us for more information

Ulstein Design & Solutions B.V.

Cornerstone Building (6th floor)
Rotterdam Airportplein 32
3045 AP Rotterdam
The Netherlands

Tel: +31 10 475 00 11

udsbv.info@ulstein.com