Golden Energy Offshore tek ytterlegare miljøgrep med Ulstein Blue Box
Reiarlaget Golden Energy Offshore i Ålesund har valt å installere Ulstein Blue Box på to av skipa sine. – Med Blue Box om bord, kjem vi til å redusere drivstofforbruket og miljøavtrykket vårt ytterlegare, noko som er svært viktig for oss, seier reiar Per Ivar Fagervoll.
Golden Energy Offshore er eit selskap som har tatt klare miljøval og står fram med ein grøn profil. Saman med Ulstein går dei no inn på eit pilotprosjekt på Blue Box på to av skipa sine.
- Med dette pilotprosjektet og programma som følgjer den avtalen får vi muligheiter til å konsolidere, bearbeide og analysere data, samt muligheita til å målretta fokusere på energieffektivisering. Dette har stor innverknad på miljøprofil og berekrafttilpassing, samt identifisering av optimalisert «grøn» drift, seier reiar Per Ivar Fagervoll.
– For oss har miljøstandpunktet vore enkelt. Gjennom fleire samarbeid, andre pilotprosjekt og enkeltståande tiltak har vi redusert forbruket på skipa våre vesentleg. Det viser att på drivstofforbruket og lokale utslepp, og det viser igjen på botnlinja, understrekar han.
Attraktive i marknaden
- Vi sparer kostnader gjennom reduserte drivstoffutgifter. Men ikkje minst, så ser vi at våre kundar etterspør moderne skip med lågt forbruk og utslepp. Våre skip er i fullt arbeid, og det er vi svært nøgde med, fortel Per Ivar.
Løpande tilgang til data
Blue Box er ei enkel løysing for å koble skipa sine datasystem til skya for å gi løpande tilgang til viktig informasjon som motoroppsett og hastigheit. Både dei ansvarlege som jobbar om bord, men også dei som sit på reiarlaget sine kontor på land, vil få enkel og oversiktleg tilgang til desse dataa. Golden Energy Offshore ønsker å installere Blue Box på to søsterskip, Energy Duchess og Energy Empress. Desse er av same design, har same systema om bord, og arbeider i same område. Dei kan difor lett samanliknast. Gjennom analysar av data kan ein sjå kva type operasjonsmodusar som er mest effektive.
Smartare - sikrare - grønare
Med slike dataanalysar som brukarstøtte vil det vere lettare å vurdere korleis ein best skal drifte skipet. Dette vil føre til at miljøfotavtrykket frå skipa vil bli redusert.
Ved å hente data frå Blue Box-skytenesta kan reiarlaget velje å anten få direkte tilgang til rådata for eigen analyse, eller ferdig analyserte data via rapportmodulen. Dei som jobbar på brua har eit oversiktleg skjermbilde og varslingssystem som gir råd i sanntid over korleis ein på best økonomisk og miljøvenleg måte kan operere fartøyet.
Systemet gir dermed eit stort potensial for drivstoffinnsparingar og reduserte utslepp.
Reiarlaget Golden Energy Offshore vart etablert i 1929 og har ein flåte på åtte skip. Reiarlaget har sett seg høge miljøstandardar, og har ei rekkje IMO-sertifiseringar. I fem år har dei vore sertifiserte innan ISO 50001 – Energistyring. Dei er også sertifiserte innan ISO 9001 – Kvalitetsstyring, ISO 14001 – Miljøstyring og OHSAS 18001 (ISO 45001) – Helse og Sikkerheit. I tillegg har dei sett seg eigne mål innan fleire av FN sine berekraftsmål. Selskapet styrer også etter energieffektivitetsplanar i samsvar med SEEMP og CEEMP.
Vil du vite meir om Ulstein Blue Box
LES MEIR I VÅR PRODUKT BROSJYRE (PÅ ENGELSK)Please contact us for more information