Ulstein Verft ISO9001-sertifisert

Published

Den 4. juni 2017 vart Ulstein Verft sertifisert i samsvar med ISO9001:2015, ein kvalitetsstandard som syner at bedrifta vert styrt på ein målretta og kontrollert måte.

ISO9001 er ein systematikk og eit verktøy for å fange opp feil og forbetringar, for å ivareta alle dei gode erfaringane ein har om korleis ting skal gjerast.

Kristian Sætre og Odd-Magne Koppen tok i mot sertifikatet frå Trond Øvrelid i Det Norske Veritas.

- Fordelen med ei ISO9001-sertifisering er at Ulstein Verft no kan dokumentere at ein har på plass ein systematikk for å ivareta alle prosessar i prosjekt ogi bedrifta. Ein får identifisert korleis ein jobbar og får sikra at ting vert gjort rett første gongen og kan repeterast, seier Trond Øvrelid i DNV.

- Systematikken gjer bedrifta solid, og uavhengig av kunnskapane til enkeltpersonar. Det er ikkje den gode viljen, men den gode vanen som skal til for å snu ein kultur. Prosessane skal ligge i ryggmargen til kvar enkelt. Det er difor viktig at alle tilsette er involvert i prosessen, fortel Trond.

- De har vore to år med hardt arbeid der store deler av organisasjonen har vore involvert. Takk til alle for den innsatsen dei har lagt ned, kommenterer Kristian Sætre.

QHSE-koordinator Odd-Magne Koppen fortel at bedrifta valde ei tilnærming med brei involvering av dei som skal nytte styringssystemet i det daglege.
- Det har vore ei glede å jobbe med dette. Det er mange i organisasjonen som har vore med og drege lasset, og leiargruppa har vore drivarar i prosessen, understrekar han.

ISO 9001:2015 gir eit rammeverk for eit godt organisert kvalitetsstyringssystem, basert på prinsipp som eit sterk kundefokus, involvering av toppleiinga, ei prosesstilnærming og kontinuerleg forbetring. Med ISO 9001:2015 er bedrifta med på å sikre at kundane får gjennomgåande god kvalitet på produkt og tenester.

Hensikta med ISO9001-standarden er å:

  • betre den generelle ytinga
  • berekraftig utvikling
  • syte for tillit til produkt og tenester
  • konsekvent oppfylle krav
  • styrke selskapet ved at kundane vert meir tilfredse
  • unngå kostnader som ikkje er naudsynte
  • redusere feil og sløsing/avfall
  • betre intern kommunikasjon
  • betre kontroll med prosessane
  • oppnå ønska resultat gjennom kontrollert styring
  • sikre avtalt kvalitet i varer og tenester