SunStone Ships med ordre på eit nytt ekspedisjonscruiseskip frå Ulstein
I 2017 kunne Ulstein Design & Solutions AS annonsere sin første design- og utstyrskontrakt på eit X-BOW-ekspedisjonscruiseskip for SunStone Ships. Denne kontrakten inkluderer også ni opsjonar, og det er den første av desse opsjonane som no har vorte erklært.
Det første skipet for SunStone, som har fått namnet ‘Greg Mortimer’, er under bygging ved verftet CMHI (China Merchants Heavy Industry), og skal ut på sitt første cruise etter ferdigstillinga siste kvartal 2019. Både skip nummer ein og to er chartra av det australske selskapet Aurora Expeditions.
- Vi valte Ulstein som følgje av deira skrog- og tekniske design, og at dei kan stille med prosjektteam i Kina som følgjer opp produksjonen, fortalde Niels-Erik Lund, president/konsernsjef i SunStone Ships då den første skipskontrakten vart annonsert. Han sa vidare:
- Det vart svært viktig for oss at vi fekk utvikla eit høgkvalitets ekspedisjonscruiseskip med dokumentert design og teknologi. Ulstein har designa meir enn 105 fartøy med X-BOW-designet. Desse skroga er utvikla for tøffe vêr- og bølgjeforhold, med høg komfort og god drivstoffeffektivitet.
- Vi er glade for at SunStone tek til å erklære opsjonane ved CMHI. Det viser at designa og løysingane våre tilfredsstiller dei forventingane dei har hatt. I tillegg til design- og utstyrspakka, skal vi følgje opp verftet med eit team på staden. Dette inkluderer prekommisjonering og kommisjonering, testing og prøvetursassistanse. Når desse SunStone-skipa vert klare for å dra på cruise, trur vi dei vil vere svært attraktive for ekspedisjonscruise-passasjerane, seier Tore Ulstein, som er visekonsernsjef i Ulstein Group og leiar av området Design & Solutions.
Ulstein sin kontrakt er med China Merchants Group (CMG) i Kina, og skipa vil bli bygde ved deira verft. Skip nummer to er planlagt for levering i august 2020.
Ulstein er ansvarleg for leveringa av design- og ustyrspakka, der alt hovudutstyr er basert på utprøvd teknologi og frå anerkjende europeiske produsentar.
Ekspedisjonscruiseskipa er dei første av sitt slag der ULSTEIN X-BOW®-skrogdesignet er integrert. X-BOW-utforminga gjer at passasjerane kan stå framme i baugen og sjå rett på bølgjene der dei treffer skroget. Baugen fører til reduserte rørsler i skipet og med det eit meir komfortabelt opphald. X-BOW har ei avsmalnande forskipsutforming som trengjer seg fram i store og små bølgjer, noko som reduserer stamping og slag i røff sjø. Det hindrar skipet i å stige på bølgjene for så å falle hardt ned på vassoverflata. Skipet treng mindre drivstoff til å kutte seg gjennom bølgjene, noko som reduserer drivstoffkostnader og energibruk, og dermed reduserer utslepp.
Det er ikkje berre X-BOW® som gjer at desse skipa skil seg ut. Skipa si totalløysing er designa for å maksimere kvalitetsopplevingane innandørs og naturopplevingane utandørs. Observasjonsdekk og balkongar gir høve til å ta inn over seg dei spektakulære omgjevnadene medan ein framleis oppheld seg om bord. Ein høgstandard-restaurant og bar serverer mat og forfriskningar.
Ekspedisjonscruiseskipa av typen ULSTEIN CX103 er 104,3 meter lange og med ei breidde på 18,4 meter. SunStone-skipa er ein del av deira Infinity Class, der passasjerkapasiteten varierer mellom 130 til 200, og mannskapskapasiteten frå 85 til 115. Skroget får polarklasse PC6, polarkode Cat B, med dynamisk posisjoneringssystem og såkalla ‘nullfarts-stabilisatorsystem’.