Storfeiring i Dokkhallen

Published

Ulstein Verft sin dokkhall var konsertarena ved Ulstein Group si 100-årsmarkering 2. september 2017. Heile 5000 personar deltok i feiringa.

5000 personar var makstalet vi kunne sleppe inn i dokkhallen, og det kom folk frå heile regionen for å få med seg storhendinga. Konserten, som varte nesten 2,5 timar, inneheldt noko for einkvar smak. Det var filmar frå før og no og bilete av Ulstein-tilsette gjennom tidene, stemningsfullt akkompagnert av Ulstein mannskor, og avløyst av saksofonist Webjørn Sæther. Trommeslagar Bendik Hustadnes avslutta introprogrammet med ein trommesolo utan sidestykke, før konferansier Thomas Numme kom på scena.

Han imponerte med enorm kunnskap om Ulstein, og hadde mange overraskingar i ermet, blant anna då han drog opp på scena ei frå publikum, som fekk æra av å synge duett med Thomas. Også statsminister Erna Solberg gjorde overraskande entré midt i programmet.

Showet vart avslutta med tre minikonsertar av rapparen Cezinando, 'Don't kill my vibe'-stjerna Sigrid, og superduoen Madcon, før eit innandørs fyrverkeri sette eit kraftfullt punktum for feiringa.

Hundrevis av brusflasker, 3000 bollar og 3000 kakestykke fekk bein å gå på i det publikum sette seg i sein rørsle ut av dokkhallen.

100-årsfesten vart halden som ein open fest for heile regionen. I 2017 er det 100 år sidan Martin Ulstein og svogeren Andreas Flø starta opp Ulstein mek. Verksted, ei bedrift for å reparere fiskebåtar. Det familieeigde selskapet arbeider i dag innan skipsbygging, skipsdesign, og kraft- og kontrollsystem.