Fekk DOGA-prisen for skipsautomasjonssystem basert på X-CONNECT®

Published

Ulstein vann 15. november 2017 DOGA-prisen (tidlegare: Merket for God Design), for Ulstein sine marine automasjonssystem basert på X-CONNECT®-arkitekturen. Systema femner for tida om ULSTEIN IAS og ULSTEIN AMS. Ulstein fekk utmerkinga saman med EGGS Design.

Ulstein tok kontakt med EGGS Design for å skape verdas beste brukaroppleving for IAS (Integrert automasjonssystem), som ein del av satsinga på automasjons- og brusystem for skip. Oppgåva var enkel: Sørg for at det ikke er nokon skjær i sjøen når det gjeld båtens varslings- og styringssystem.

Juryen si grunngjeving:

«Det er imponerande å lage eit så enkelt og intuitivt system for noko så komplekst som eit moderne supplyskip. Her er det ekstremt mykje informasjon som skal framstillast riktig i form av interaksjon og visuelle verkemiddel, og feil kan ha skjebnesvangre følgjer. Her viser EGGS sin strategiske og designmessige styrke, blant anna er alarmstjerna som gjer det mogleg å forstå skipet sin alarmsituasjon gjennom mønstergjenkjenning, ei svært god løysing. Dette er eit softwareprodukt i verdsklasse i sin sjanger, kjøpt av ein kunde som gong på gong viser sin vilje og evne til å bruke design til å pløye ny mark og skape nye marknader.


God tilbakemelding frå kundane

Gunnar Gjersdal, dagleg leiar i Ulstein Blue Ctrl, fortel om gode tilbakemeldingar på automasjonssystemet.

- Mengda sensorar, aktuatorar og informasjon som er tilgjengeleg på fartøyet er sterkt aukande. Då må styringssystema bli utforma tilsvarande og gi informasjonen til sluttbrukarane på ein effektiv måte. Under designfasen er kanskje ikkje sluttbrukaren av dataene avgjort endå, og systemintegratoren kan då opne for moglegheita til å overføre data frå kontrollsystema på skipet til kontoret på land. Dette er nøkkelen til å realisere dei nye systema våre for skipsautomasjon, basert på ULSTEIN X-CONNECT, seier han.

- Ny teknologi kan radikalt forbetre effektiviteten i skipsoperasjonar. Framtida handlar om å ønskje desse moglegheitene velkomne, å utvikle produkt for sikrare og meir effektive operasjonar. Dette er kjerna i produkt- og systemutvikling i Ulstein. Vi arbeider for å kunne tilby produkt og system som tek i bruk digitale løysingar. På den måten kan vi tilby skipsdata som gjer forretningsverksemda smartare, sikrare og meir miljøvenleg.

Ulstein og EGGS starta med å revurdere brukargrensesnitta for Ulstein si marine automatiseringsløysing og tok sikte på å skape eit nytt fundament for alle deira maritime applikasjonar, basert på ULSTEIN X-CONNECT.

Fellesutviklinga har vore basert på partane si forståing av maritime konvensjonar, begrensingar og teknisk gjennomførbarheit, kopla med brukarinnsikt. Med dette prosjektet ønska partane også å utfordre dei etablerte industrikonvensjonane for å oppnå endå større teknologiske framsteg.

Dette resulterte i fleire innovative konsept:

  • Forenkla varslingshandtering: gir betra merksemd og effektiv varslingshandtering
  • Alarmstjerna: forstå komplekse varslingssituasjonar og analysere mønster over tid
  • Mega-menyen: Eitt-klikks-tilgang til alt innhald
  • Dei nye trendplotta: Gir eit rikt verktøy for å overvake, samanlikne og utforske nokre utvalte sett med verdiar over tid
  • Kontrolldialogen: Bruk av intuitiv pop-up kontrolldialog kobla til symbol - for enkel kontroll av komponentar

Oppnå gode resultat

For å oppnå gode resultat var det naudsynt med eit nært samarbeid mellom designarar og maritime teknologar. Gjennom prosjektet jobba EGGS og Ulstein sine eigne ingeniørar side om side med dyktige programmerarar frå Ulstein sine partnarar The QT Company og DataRespons.

Også nominert til DOGA-ærespris

Av alle dei 290 søkarane til DOGA-prisen var det seks som også vart plukka ut som nominerte til DOGA Honour Award, ein ærespris for design- eller arkitekturløysingar. Ein av desse var Ulstein med sitt automasjonssystem.

Please contact us for more information