Blue Queen på seks-årskontrakt for Wagenborg Offshore

Published

Det Ulstein-eigde skipet, ‘Blue Queen’, har blitt innleigd av Wagenborg Offshore på ein seks-årskontrakt for å støtte Nederlandse Aardolie Maatschappij (NAM) og Shell UK Exploration & Production (Shell UK) i deira offshoreoperasjonar i søre delen av Nordsjøen.

Skipet vil bli utstyrt med ei walk-to-work gangbru, og skal arbeide som eit beredskaps- og redningsfartøy. Kontrakten gjeld for heile seks år, og skipet vil fungere som standbyfartøy og støttefartøy for inspeksjon og vedlikehald av ubemanna plattformer på nederlandsk og britisk sokkel. Skipet har vorte malt om i Wagenborg sine fargar ved Ulstein Verft, og vil gå frå Ulsteinvik til Nederland i starten av desember.

Walk-to-work-skip

Blue Queen er eit plattformforsyningsfartøy av typen PX121. Skipet skal byggast om frå plattformforsyningsfartøy til eit ‘walk-to-work emergency response and rescue vessel’ (W2W ERRV) ved verftet Royal Niestern Sander i Nederland. Dette inneber at skipet får ein ekstra boligmodul, rørslekompensert gangveg og kran. Ombygginga er venta å vere ferdig i mars 2018, og vil starte arbeidet I Nordsjøen i løpet av første kvartal.

Produksjon av naturgass offshore

NAM og Shell UK arbeider med å produsere naturgass offshore, noko som kan vere utfordrande, både når det gjeld å utføre operasjonane så trygt og effektivt som mogleg, og å auke effektiviteten på offshore vedlikehaldsaktivitetar. Moderne offshoreproduksjonsplattformer er mindre, og til vanleg ubemanna og utan helikopterlanding, noko som utløyser behovet for såkalla ‘Walk-to-work’-fartøy der ein kan kome seg trygt over frå skipet til plattformane ved å gå over ei gangbru. Wagenborg har allereie eit slikt type skip, Kroonborg, som har vist at walk-to-work-fartøy kan utføre offshoreaktivitetar på ein sikker, effektiv og produktiv måte.

Wagenborg vel PX121-designet

Ulstein har levert heile 30 skip av dette designet. Desse plattform forsyningsskipa har fått svært gode tilbakemeldingar som følgje av ein gunstig kombinasjon av drivstoffeffektivitet og lastekapasitet. PX121-designet er ein veleigna plattform for tilpassing til mellom anna walk-to-work eller beredskap og redning.

Wagenborg Offshore

Wagenborg Offshore tilbyr offshoreservice og maritim støtte til offshoreindustrien. Selskapet starta i 1997, og opererer globalt. Flåten er allsidig og femner mellom anna om walk-to-work-fartøy, offshore forsynings-/støttefartøy, innkvarteringsfartøy og dykkarfartøy.

Please contact us for more information

Ulstein Shipping AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway


Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com