På børs

Published

I 1997 kom Ulstein på børs, noko som førte til store omveltingar i selskapet to år seinare.

Alt tidleg i 1990-åra var ein så smått begynt å diskutere kva som var den rette framgangsmåten når no tredje generasjon kom og ville ha eit ord med i laget i konsernet. Det var jo ein heil flokk på 24 syskenborn som utgjorde denne generasjonen. Og godt skulle gjerast om dei alle hadde samanfallande syn på korleis konsernet skulle utvikle seg vidare.

For å kome eventuelle konfliktar i forkjøpet, vart eit par-tre framgangsmåtar lansert. Ein av dei var å prøve å gå på børs slik at verdiane som var skapte kunne kapitaliserast og dermed la den einskilde få råderett over sin andel. Og det ein ville oppnå ved å gå på børs, var at det vart meir forretning og mindre omsyn å ta til slektskap. Ein sjalta med andre ord ut dei personlege, slektsrelaterte tilhøva i konsernet. Dessutan var det ein måte å skaffe seg meir kapital på.

Etter lange, og til dels innfløkte diskusjonar att og fram i 1992/1993, vart det bestemt at Ulsteinkonsernet skulle gå på børs. Eit avgjerande val var dermed teke. Kursen var sett.

Men det var langt fram. Ja, ikkje før i oktober 1997 vart Ulsteinkonsernet introdusert på børsen. Og då til ein pris av 1,05 milliardar kroner.

Like etter børsintroduksjonen hadde Ulstein tatt kontakt med det britiske industriselskapet Vickers for å undersøke om det kunne vere interesse for eit samarbeid mellom Ulstein Propeller og Kamewa. Vickers sto då som eigar av propellprodusenten Kamewa.
Det kom i stand forhandlingar, og desse forhandlingane førte til at folk frå dei impliserte bedriftene fekk ein del med kvarandre å gjere. Blant anna kom Vickers sine folk til Ulsteinvik, og både Ulstein Propeller og resten av Ulsteingruppa vart då presentert for dei på beste måte. Og det dei då såg og høyrde, må tydelegvis ha fanga interessa. I alle fall kom dei etter ei stund og erklærte at dei i Vickers ikkje let seg nøye med samarbeid, dei ville heller kjøpe. Og ikkje berre ville dei kjøpe Ulstein Propeller, dei ville kjøpe heile Ulsteinkonsernet!

Slik vart det då også. Det vart sjølvsagt ført mange og omfattande forhandlingar med Vickers, der styreformann Idar Ulstein leia forhandlingane frå Ulsteinkonsernet si side, før salet var i orden og prisen fastsett. Den endelege avtalen vart gjort på Gardermoen. Det enda med 3,9 milliardar, eit svært godt resultat måtte det seiast å vere. Det var det doble av den høgaste prisen Ulstein hadde oppnådd på børs.

Konsernsjef Paul Buysse i Vickers plc omtala oppkjøpet som ”Marriage in heaven”.

Representantar frå Vickers og Ulstein, frå venstre Bård Mikkelsen, Andrew L. John, Idar Ulstein og Paul Buysse.

Frå Vickers til Rolls-Royce
To-tre månader etter at Ulsteinkonsernet var seld til Vickers, hende så dette: Heile Vickers inklusiv Ulsteinkonsernet vart
seld vidare til Rolls-Royce!
Kanskje noko overraskande for mange av dei som hadde vore med i forhandlingane mellom Vickers og Ulstein. Men kva Vickers gjorde eller ikkje gjorde, var naturlegvis ikkje noko andre enn dei i Vickers sjølve rådde for. No er det i alle fall Rolls-Royce som eig og driv både Ulstein Propeller og dei andre selskapa i Noreg og utlandet som tilhøyrde Ulstein før salet til Vickers.

Skipsbygging
Vickers ynskte ikkje å behalde skipsbyggingsdivisjonen, noko som vart sett som eit krav ved oppkjøpet. Denne divisjonen femnde om Ulstein Verft, Ulstein Elektro, Ulstein Flextransport, Castor, og fleire eigedoms- og eitt shippingselskap, Ulstein Shipping IV, som eigde ein taubåt.

Skipsbyggingsdivisjonen måtte difor kjøpast tilbake, og alle aksjonærane i Ulstein Holding ASA fekk så tilbod om å kjøpe aksjar i Ulstein Mekaniske Verksted Holding (UMVH), som vart det nye namnet på skipsbyggingsdivisjonen. Selskapet vart verdsett til 100 millionar kroner.
Resultatet er at det i dag er omkring 600 aksjonærar i selskapet. Det vi kan kalle den opphavlege familien – Martin og Inga sine seks born og borna deira igjen – sit med 98,1 % av aksjane. Dei fl este andre har selt seg ut, og dei som er igjen, representerer ganske små postar. UMVH er igjen ei familieverksemd.

Idar Ulstein sette som krav for å ta hand om skipsbyggingsdelen at han og hans familiegrein fekk full styringsrett i verksemda. Det betydde mellom anna at han hadde rett til å oppnemne konsernsjef og andre leiarar i det nye selskapet. Og noko av det han tydelegast såg for seg, var at to av borna hans, Gunvor og Tore, vart å finne blant toppleiarane.
Slik gjekk det då også: Gunvor, som hadde vore salssjef i Ulstein Bergen, vart administrerande direktør, seinare konsernsjef. Tore, som hadde jobba som prosjektleiar innan forretningsutvikling i Ulstein Consulting, vart teknisk sjef og viseadministrerande direktør og seinare visekonsernsjef.

Historia ovanfor er henta frå 90-års jubileumsboka, utgitt i 2007. Last ned heile boka (pdf) her.