Opning av dokkhallen og dåp av første ULSTEIN-design

Published

Draumen vart verkeleg: Den 12. januar 2002 var ein merkedag ved Ulstein Verft. Nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen var til stades og kasta glans over opninga av den nye dokkhallen, og 3000 personar var innom opningsfesten. Samtidig var det dåp av det første skipet av Ulstein-design, Olympic Hercules.

Dokkhallen

Oppføringa av dokkhallen til Ulstein Verft, som stod ferdig i desember 2001 og opna i januar 2002, innebar mykje for arbeidsmiljøet. For alle ved verftet som hadde slete ute i regn og snø vert det ei lette å kome under tak

Eit halvt år etter opninga av dokkhallen, viste det seg at sjukefråværet ved verftet hadde gått ned.

Dei fire sveisarane Aase Dimmen, Jorunn Hatløy, Eldbjørg Wigg og Solveig Erikstad fortalde at trivselen på arbeidsplassen kan gje store utslag i sjukefråværet, og hallen er ein vesentleg trivselsfaktor i så måte.


- Her inne er det fint å arbeide heile året, same kva ver det er utandørs. Om vinteren slepper vi snøstorm, vind og nedbør. Er det sommar med steikande sol, så er det godt å jobbe innandørs med ein fin temperatur, fortel dei.

- Det er ein mykje reinare og tørrare arbeidsdag for alle, legg arbeidsleiar John Hatløy til. - Dette betyr mykje både for arbeidarane og for kundane som skal ha skipa våre. Både effektiviteten og kvaliteten på maling og sveis blir betre når vi slepp å stå utandørs, meiner han.

- Vi har også fått ein meir strukturert arbeidsdag der verkty og materialar er nær der du arbeider. At hallen på sikt vil spare kostnader er han overtydd om. Ein ting er mykje tid brukt på snømoking og henting av utstyr, ein annan ting er innpakking av båtar som vert bygd utandørs. Når vi skal måle og montere det siste utstyret på ein båt må vi ofte pakke han inn. Dette kan koste fleire hundre tusen kroner kvar gong.

Bygginga av dokkhallen kom som følgje av ei målretta satsing for å auke produktiviteten ved verftet. Då var utviding av dokka og bygging av dokkhall avgjerande. Det vart først investert ca 80 millionar kroner i utviding av dokka. Med endå ei utviding og bygging av dokkhall, vart det ei ny investering på 180 millionar kroner. Det vil seie at den totale investeringa ville kome på 260 millionar kroner. Dette var ein enorm risiko å ta. Men det var eit enten-eller: Om det ikkje vart gjort, ville bedrifta verte utfasa forholdsvis fort, men vart planane gjennomførte, kunne ho i alle fall konkurrere i minst 10 år framover.

Olympic Hercules

I samband med opninga av dokk og dokkhall skulle også Ulstein Verft sitt bygg nummer 260 bli døypt. Det var i juni 2000 at Ulstein skreiv kontrakt med Olympic Shipping om design og bygging av eit ankerhandteringsfartøy av typen ULSTEIN A101. Designporteføljen ULSTEIN-design vart lansert i år 2000, og 'Olympic Hercules' er det første skipet basert på eit ULSTEIN-design.

‘Olympic Hercules’ er eit multifunksjonelt ankerhandteringsfartøy og vart levert 18. januar 2002. Skipet vart designa for fleire typar offshoreoppdrag. Skipet har stor vaierkapasitet og innreiing med høg standard.

Trass i ein vanskeleg marknad i delar av 2002, rapporterte Olympic Shipping AS gode resultat for driftinga av 'Olympic Hercules'. Skipet fullførte 44 jobbar i 2002 etter leveringa den 18. januar, og viste at det kunne nyttast til djupvassoperasjonar der det var bruk for alle dei 23 500 hestekreftene. Reiarlaget uttrykte at ULSTEIN A101-designet vart etterspurt i Nordsjøen etter kort tid som eit resultat av kombinasjonen av storleik, breidde og kraft. Det høge fribordet gjer at det kjem lite sjøvatn på dekk sjølv ved mykje sjøgang, noko som gjer det tryggare for dekksmannskapet.