Dekksmoro på Foldereid-ferja i 1959

Published

Det var stor moro på dekket til byggnummer 13, Foldereid, i 1959 då ferja gjekk på overleveringstur til Geiranger. Deltakarar i moroa er mellom andre styreleiar Inga Ulstein. Snart 60 år seinare er ferja framleis i drift.


Reiarlaget var Ragnar Brækkan, Namsos, og i filmen (over) firar verftsdirektør Magnulf Ulstein Ulsteinflagget, og rederiflagget går til topps. Byggesummen var 350 000 kroner, og Foldereid vart sett i ruta Kongsmoen - Teplingan. I dag heiter ferja "Queen" , og går i godstrafikk i skjergarden utanfor Stockholm på oppdrag for Waxholmbolaget. Ferja fekk installert ny hovudmaskin i 2016.

  • Lengde: 29,0 m
  • Breidde: 8,56 m
  • Brutto tonnasje: 170 tonn
  • Fart: 11 knop
  • Hovudmotor: Wichmann, 400 Hk (2016: Scania D16, 478kW )
  • Skipstype: Bil- / passasjerferje
  • Tal passasjerar: 145 stk.
  • Tal bilar: 17 stk.
  • Andre skipsnamn "My", "Queen"