Helen vart bas

23 år gamle Helen Hakstad frå Trondheim var ferdig utdanna elektrikar ved Ulstein våren 2014. Då spurte ho sjefen om å få meir ansvar. Ho vart då bas på neste skip frå Ulstein Verft, med ansvar for fleire andre elektrikarar.

Trønderjenta valte tradisjonelt i utgangspunktet. – Eg tok til på helse og sosial, og skjønte fort at dette vart heilt feil. Difor tok eg eit nytt og stikk motsett val, vart elektrikar, og stortrivst med det, fortel ho.

- Det er kjekt med ein jobb der ein kan vere fysisk aktiv. Eg jobbar om bord på skip som er under bygging, og trekkjer kablar, koplar skap, ber om bord utstyr, driv med feilsøking og fiksar system. Eg kunne ikkje ha tenkt meg å jobba på land og installere stikkontakter heime hos folk der det kanskje er nokon som står og ser på meg når eg jobbar. Eg likar å jobbe sjølvstendig, understrekar ho.

Ville ha ansvar
Så fort fagbrevet var i handa, bad Helen om å få ei ansvarsrolle. – Eg likar å ha noko å strekke meg etter, og å utfordre meg sjølv. Eg kunne tenke meg å prøve meg som kabelbas, og eg fekk ja med éin gong, seier ho.

Sommarjobb, praksisplass og stipend
Som student innan eit område som vert vurdert som relevant for Ulstein, er det høve til å få sommarjobb eller praksisplass. Då vert arbeidet tilrettelagt slik at oppgåvene er relevante og meiningsfulle for det studiet ein tek, og ein får med seg verdifull jobberfaring tidleg i karrieren. Dersom ein alt jobbar i Ulstein og vil ta vidare utdanning, kan ein få stipend frå bedrifta.