X-STERN®-designet er sexy!

Published

I juni 2016 skal Ulstein Verft levere det første av to offshore vindmølleskip til Bernhard Schulte Offshore/Windea Offshore. Skipa skal i kontrakt med Siemens. Dei to skipa representerer noko heilt nytt for begge partar.

A-close-look-at-the-X-STERN.jpg#asset:33

Det tyske selskapet Bernhard Schulte GmbH & Co. KG. er ein av eigarane i Windea Offshore. Det første skipet skal arbeide på Gemini-vindfarmen utanfor Nederland, medan skip nummer to skal arbeide utanfor kysten av Tyskland.

- No har ikkje båten fått namnet sitt enno, men internt i Schulte-konsernet har skipet fått namnet Helen Schulte, fortel Matthias Mueller, direktør for forretningsutvikling i Bernhard Schulte GmbH & Co. KG.

Nytt for begge partar
Skipet er det første nokosinne med den innovative X-STERN-hekken. Det representerer noko nytt både for Ulstein Group som skipsbyggjar, men også Schulte-konsernet som selskap. Sistnemnde, som fekk namnet Schulte & Bruns då det blei stifta av konsul Johann Hermann Schulte og kameraten Christoph Bruns i Papenburg, Tyskland i 1883, har hatt mange milepælar i si lange historie. Men i 2014 var det nok ein milepæl for konsernet då dei gjekk inn i offshore vindmøllefarm-marknaden for første gong, ved å bestille to serviceskip frå Ulstein Verft.

– Ei suksesshistorie
For Matthias Mueller og medarbeidarane i Bernhard Schulte Offshore var det ingen tvil om kvifor det blei nettopp Ulstein Verft i vesle Ulsteinvik som blei valt til denne oppgåva.
– Det var ein lang anbodsprosess faktisk. Siemens AG sette i gong denne prosessen, og ønskte seg to flunkande nye skip. Vi blei interesserte i anbodet, og byrja å kike oss om etter design og løysingar. Vi likte skipa frå dette selskapet i Noreg, med det spesielle X-BOW-designet, og vi fann raskt ut at vi kunne samarbeide med Ulstein heilt frå byrjinga av, seier Mueller entusiastisk og legg til:

– Ulstein hadde utgangspunktet i X-BOW-en, vi kom med idear og forslag til korleis vi kunne få om bord dei løysingane og utstyret vi ville ha med. Vi danna eit designteam beståande av folk frå vindindustrien, frå skipsbyggarindustrien og olje- og gassindustrien. Vi kom fram til denne skjønnheita, og vi vann anbodet. No ligg vi i rute til levering av både det første og det andre skipet. Dette har verkeleg vore ei suksesshistorie.

Dei to skipa er som sagt dei første som får den allereie prisvinnande hekken X-STERN, men er også spesielle med tanke på korleis gangvegen til skipet er integrert i designet.
– X-STERN-designet er sexy, det skal seiast. Samstundes er det funksjonelt. Lastekapasiteten er godt utnytta, og arbeidsplassen for mannskapet er endå meir effektiv, seier Mueller.

– Spanande marknad
Tore Ulstein likar godt tilbakemeldingane frå Mueller og selskapet hans, og ser fram til å kunne levere desse to skipa.

– Vi har lang erfaring frå bygging av skip til olje- og gassindustrien, men der er ei global oppvakning til eit grønt skifte. Klimaproblema er viktige å ta tak i, og marknaden for offshore vindmølleinstallasjonar er veksande. Ulstein Group ønskjer å posisjonere seg inn mot den grønare energiproduksjonen. Offshorevinden bles sterkare og meir konstant samanlikna med vinden som bles over land, så moglegheitene her er store. Sjølv om slike installasjonar kostar meir å få på plass, meiner eg at samarbeid, slik som mellom Ulstein Group og Bernhard Schulte Offshore/Windea Offshore gjer at vi kan kome fram til kostsparande løysingar, seier Tore Ulstein.
– Dette er ein spanande marknad, men der er eit behov for å forbetre løysingane og få ned kostnadskurva, uavhengig av subsidiar. Verda treng grønare energi.
- Vi har eit flott samarbeid med partnarane våre i dette prosjektet. Dei ventar mykje av oss, og vi likar utfordringar, noko som driv oss til eit nytt nivå.

Medan dei to går rundt på verftsområdet, møter dei prosjektleiar Lidvar Lillerovde. Han fortel at byggjeprosessen har vore krevjande, men at det har vore ein nyttig prosess.
– Det er ein ny type båt, med nytt konsept. Det har vore mykje å setje seg inn i, både i forhold til kva reiarlaget ønskjer og kva sluttbrukaren ønskjer, seier Lillerovde.

Tekst attgjeven med løyve frå Vikebladet Vestposten/Ole Ottar Høgstavoll

Hovudfoto:Andres Chacon og Matthias Mueller i Bernhard Schulte Offshore var i Ulsteinvik og følgde utdokkinga av vindmølleskipet. (Foto: Marius Beck Dahle)

Please contact us for more information

Companies

Contacts