Markering av brennestart for Acta Marine sin første CSOV
Markeringa av brennestarten til det første av to metanoldrivne (MDO/HVO*), DP2-havvindstøtteskip av typen CSOV (Construction Service Operating Vessels) for Acta Marine vart arrangert 18. januar 2023 på Tersan Shipyard. SX216-designet til fartøyet er utvikla i nært samarbeid med Ulstein Design & Solutions AS.
Brennestarten er det offisielle startskotet for bygginga ved Tersan. Dei 89 meter lange fartøya vil verte utstyrte med ei rørslekompensert kran frå SMST og ein rørslekompensert gangveg for sikker personelloverføring i signifikant bølgjehøgde opp til 3,0 meter. Skipa har innreiing for opp til 135 personar. Fartøya har eit batterilagringssystem som gir ytterlegare energieffektivitet og CO2-reduksjon.
Desse fartøya er dei første designkontraktane der Ulstein si TWIN X-STERN-løysing vart tatt i bruk. Denne utforminga har fleire unike eigenskapar, men dei viktigaste kjenneteikna til fartøyet er dei to hekkane og hovudpropelleiningane i kvar ende. Kombinasjonen av thrusterar og symmetrisk skrogdesign resulterer i lågare energiforbruk og reduserte rørsler, og dermed høgare operabilitet og komfort. Dette konseptet forbetrar manøvrerbarheita og evna til å halda seg i posisjon. Løysinga gir også redusert støy, betre komfort om bord og potensial for å spare betydelege mengder energi i arbeid.
Nominert til to prisar
Designet blir lagt merke til, TWIN X-STERN vart av Offshore Support Journal nyleg nominert til prisen ‘Innovation of the Year Award’, medan CSOV-prosjektet med Acta Marine er nominert til ‘Offshore Renewables Award’.
Saman med det andre CSOV-skipet, som vil følgje tre månader seinare, vil desse toppmoderne fartøya bli lagt til Acta Marine sin flåte frå andre kvartal 2024.
*MDO = Marine diesel oil
*HVO = Hydrotreated vegetable oil
Please contact us for more information