Levering av ekspedisjonscruisefartøyet Ocean Albatros

Published


CMHI Haimen-verftet i Kina leverte SunStone sitt sjette ekspedisjonscruisefartøy i Infinity-klassa, Ocean Albatros, torsdag 20. april 2023. Fartøyet vil operere på heilårsoppdrag for Albatros Expeditions.

Ocean Albatros har ei lengd på 104,4 m og ei breidd på 18,4 m, og plass til 199 passasjerar. Skipet har totalt 95 komfortable lugarar og suitar, alle med uhindra havutsikt, og dei fleste med eigen balkong. Fartøyet er lite nok til å gi ein eksklusiv atmosfære, men likevel stort nok til å yte alle dei forventa tenestene og fasilitetane.

USA-baserte SunStone Ships bestemde seg for Ulstein Design & Solutions AS sine CX103-design til dei første skipa i Infinity-klassen i 2017. Sidan den gong har Greg Mortimer, Ocean Explorer, Ocean Victory, Sylvia Earle, Ocean Odyssey og no, Ocean Albatros, blitt leverte. Skipa er på langtidsarbeid for ulike operatørar.

Ocean Albatros skal på sin første polartur i juni. Foto: Albatros Expeditions.
Ocean Albatros skal på sin første polartur i juni. Foto: Albatros Expeditions.

Dei første til å introdusere X-BOW i cruisefartøy

SunStone Ships' sine skip var dei første der X-BOW-skroget vart introdusert til bruk i cruiseskip. Fartøya har låge utslepp på grunn av ein kombinasjon av kraftsystem og skipsdesign.

Eit sjuande fartøy i denne serien er planlagd levert i 2025.

Om Ocean Albatros

Ocean Albatros vil operere i både Antarktis og Arktis og på cruise mellom desse kjerneekspedisjonsområda.

Fartøyet oppfyller krava til Polarklasse 6 (ICE 1A), har ein Polarkode kategori B og er bygd med Safe Return to Port, dynamisk posisjonering og Zero Speed- stabilisatorar.

Til liks med søsterfartøyet Ocean Victory har fartøyet to restaurantar, eit velværeområde, ein Albatros Nordic Bar, serveringsstad på dekk, forelesingssalong og andre førsteklasses fasilitetar. I motsetning til Ocean Victory, vil Ocean Albatros òg tilby ein unik panoramasauna og totalt tolv dedikerte enkeltlugarar.

Redusert karbonavtrykk

X-BOW-skroget reduserer akselerasjon frå stamping og hiv, og dermed også fartstapet i bølgjer. Saman med Tier3-motorane gir dette betydeleg lågare drivstofforbruk og dermed reduserte utslepp.

Komfort og fart

X-BOW forbetrar komforten om bord, då han bidreg til å redusere slag og påfølgande vibrasjonar frå bølgjene som kjem i mot. Fartøyet kan dermed halde oppe farten i ugunstig vêr for å komma raskt gjennom dei tøffaste vasstrekningane.

Please contact us for more information

Contacts

Companies