Juryen: —ECOFIVE markerer eit skifte for fiskerinæringa
Fabrikktrålaren ECOFIVE vann Innovasjonsprisen under opningsseremonien på Nor-Fishing 23. august. Trålaren skal gi langt lavare miljøavtrykk, betre fiskekvalitet og tryggare arbeidsmiljø. Eit svært drivstoffgjerrig framdriftssystem og ei revolusjonerande løysing for ombordtaking av fisk er to av nyvinningane.
All fangsten vert tatt vare på
— Vi tek verdiskapinga heim til Noreg. Alt vi fangstar skal takast vara på og alt skal vere i ein slik kvalitet at det er eigna for menneskeleg føde. Frå mottakstankane vert fisken sendt levande til fabrikken, der han etter elektro-bedøving, bløgging og vidare nedkjøling vert samla i buffertankar etter art og storleik. Kvar art og storleik vert deretter prosessert vidare og endar opp som ulike produkt: filet, hovud, skinn, olje – alt vert teke i bruk, forklarar Roaldsnes.
Westcon Yards i Ølen har sett i gong med bygginga og båten blir venta levert i starten av 2024.
Revolusjonerande ombordtaking
Roaldsnes har over år tenkt ut ei heilt ny løysing for ombordtaking. Saman med Ulstein og ustyrsprodusenten Evotec blir no ideen til røyndom.
– ECOFIVE sitt nye handteringssystem for trålen leiar fisken inn i eit vassfylt fangstmottak i fartøyet under vasslinja. Fangsten forlèt ikkje vatnet og blir dermed ikkje utsett for dei same fysiske påkjenningane som når ein dreg ein trålpose opp på dekk over trålslippen før tømming i mottaksbingar.
Tankearbeidet til Roaldsnes har gitt resultat, då fordelane med den nye løysinga er mange.
— Effektane er fleire, men det viktigaste er høgare fiskekvalitet og tryggare arbeid på dekk. Fungerer dette som tenkt, så vil det bidra til å revolusjonera næringa, seier Roaldsnes.
Designa for lavast moglege utslepp
Den nye trålaren har også eit effektivt hybridanlegg med to propellar, som kan kombinere batteri med både dieselelektrisk og dieselmekanisk framdrift. Dette gjer at fiskebåten er svært drivstoffgjerrig.
– Gjennom analysar og tanktestar estimerer vi at dette hybridsystemet, saman med dei andre energiøkonomiserande tiltaka om bord, vil gi minst 25 prosent reduksjon i drivstoff-forbruk og utslepp, samanlikna med ein tilsvarande moderne trålar som driv denne typen kombinasjonsfiske. I nokre operasjonar kan innsparingane overstige 40 prosent, fortel Roaldsnes.
Grunngjevinga til juryen
Sekretær for juryen for Innovasjonsprisen, Odd Berg, er tydeleg i lovprisinga si av fartøyet.
— ECOFIVE markerer eit skifte for fiskerinæringa!
Den tidlegare skipsingeniøren er særleg imponert over to innovasjonar på fartøyet.
— Det er mange små innovasjonar som til saman gir eit svært spennande fartøy, men det mest interessante er trålen og konstruksjonen av denne, saman med det hybride framdriftssystemet. Juryen var svært imponert over moglegheitene trålen gir for å ta ut fisk i porsjonar som passar for fabrikken om bord, avslører Berg, før han avsluttar:
— Skipsingeniøren i meg tykkjer også propellkonstruksjonen var særleg spennande. ECOFIVE er resultatet av langvarig og solid innovasjonsarbeid og vi håpar dei lykkast.
Dei to andre som vart nominerte var Marin Teknikk og Ervik Havfiske for utviklinga av eit kombinert fiske- og fangstfartøy for trål og krabbefiske, og Ocean Space Acoustics for utviklinga av utstyret PingMe som skal hindre tap av fiskeredskap og fangst som står i sjøen, og gjere fisket meir effektivt.
Ulstein er til stades ved A-112 (Møre og Romsdal) sin stand. Vi vil gjerne høyre dine idear og diskutere skipsdesign.
Please contact us for more information