Sjøsette Ocean Albatros

Published


Den 16. september 2022 vart det halde ein seremoni ved CMHI Haimen-verftet i Kina i samband med sjøsettinga av Ocean Albatros, skip nummer seks i SunStone Ships sin INFINITY-serie. Ulstein Design & Solutions leverer design- og utstyrspakken til dette prosjektet. Skipet er no klart for prøvetur.

Ocean Albatros rett før sjøsetting, eit sjeldant høve til å sjå eit X-BOW-skip medan det framleis ligg på tørt land.
Ocean Albatros rett før sjøsetting, eit sjeldant høve til å sjå eit X-BOW-skip medan det framleis ligg på tørt land.

To søsterskip

Saman med søsterskipet Ocean Victory vil Ocean Albatros bli drifta av Albatros Expeditions.

Skipa har optimalisert hastigheit og drivstoffbruk, delvis på elektriske motorar, og er designa for å takle grov sjø ved hjelp av stabilisatorar og X-BOW-designet.

Som søsterskip til Ocean Victory vert Ocean Albatros bygd meir eller mindre med den same layouten, fasilitetar og skandinaviske designelement. Albatros Expeditions har bestemt seg for å redusere kapasiteten til dette skipet og samtidig tilby den same mengda dekksplass, med grunngjeving i at dette vil gi eit endå betre forholdstal mellom tilsette og passasjerar.

"Eit forholdstal på 1:8 er eitt av dei beste i vår bransje".
Albatros Expeditions

Skal vere klart til 2023-sesongen i Arktis

Ocean Albatros er basert på ULSTEIN CX103-designet er er eitt av skipa i SunStone Ships sin INFINITY-serie. Skipet skal vere klart til Arktis frå 2023-sesongen.

- Våre nyaste INFINITY-fartøy er ikke berre perfekte for småskala polarekspedisjonar, men er blant dei mest berekraftige skipa i marknaden, seier Albatros Expeditions.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com