Karbonnøytrale cruise gjort moglege

Published


Den maritime næringa har ein ambisjon om å redusere utsleppa med 40% innan 2030 og 70% innan 2050, fastsett av IMO. Cruisefartøya har ei rolle i omlegging til den grønare skipsfarten for framtida. Ulstein sitt nyaste cruisekonsept førebur cruiseselskapa for ein trinnvis overgang til framtidige nullutsleppsoperasjonar.

ULSTEIN CX129 expedition cruise vessel.
ULSTEIN CX129 expedition cruise vessel.


Sjølv om cruiseindustrien ikkje bidreg mykje til dei globale klimagassutsleppa, med mindre enn 0,1 prosent av dei totale utsleppa, har cruiseindustrien like fullt eit ansvar for å redusere utsleppa og bli meir berekraftige. Cruisefartøya utforskar verna og sårbare område rundt om i verda, og cruiseselskapa og passasjerane har ingen ønske om å skade naturmiljøet dei oppsøker. Lavutsleppsløysingar og lavast moglege nivå på støy og vibrasjonar vert etterspurde. Samtidig har det kome krav og reguleringar som skipseigarane må følgje. Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO sin ‘Carbon Intensity Factor (CII)’ vil sette stadig strengare krav til energieffektivitet.

Analyse av operasjonar er første steg mot nullutslepp

Kvar designprosess bør starte med ei kartlegging av fartøyet sine operasjonar, der ein analyserer dei ulike operasjonane som vert utførte og korleis dei påverkar energiforbruket til fartøyet. Dette gjer det mogleg å identifisere og vurdere korleis ein kan redusere energiforbruket, korleis ein produserer energien og korleis ein kan utnytte den overskytande energien. Gjennom denne prosessen har nokre tiltak blitt implementerte i cruiseskipsdesignet ULSTEIN CX129, mellom anna optimaliserte skroglinjer med X-BOW®, LED-lys, varmepumpeteknologi og eit system for å gjenvinne overskotsenergi og fleire kan bli lagt til seinare.

Drivstofftilgang må vurderast frå tilfelle til tilfelle

Det er ikkje lett å lande på kva for nokre alternative lavutsleppsdrivstoff ein skal gå for, og dette må vurderast frå tilfelle til tilfelle. Tilgangen til drivstoff i sårbare område er knapp, og per no er ikkje alternative drivstoff alltid tilgjengelege. Sjølv om teknologien snart kan vere på plass, vil det framleis vere eit stykke å gå, då dette kan vere avsidesliggande område utan naudsynt infrastruktur for alle framtidige, alternative drivstoff.

Stegvis tilnærming

Ulstein er opptatt av å gjere berekraftige cruiseoperasjonar moglege. Ved å innarbeide ny teknologi etter kvart som han vert tilgjengeleg, kan vi førebu dagens fartøy for framtidige krav og forventningar om reduserte utslepp. Ulstein har sett på innovative løysingar for ei trinnvis implementering av teknologi for nullutsleppscruiseoperasjonar.

For å fullt ut undersøke korleis cruisefartøy kan bli meir berekraftige, har designteamet vårt utført ei grundig analyse av typiske cruiseoperasjonar. Analysa ga nyttig innsikt i korleis alternative drivstoffteknologiar kan kombinerast.

Ein fleksibel kombinasjon av alternative energikjelder

ULSTEIN CX129 er utvikla for å operere på «dual fuel» metanol-/MGO (MGO = Marine Gas Oil). Denne teknologien er allereie tilgjengeleg på marknaden. Om ønskeleg kan MGO bli erstatta med HVO, eit fornybart biodrivstoff produsert av avfall og restar frå mellom anna næringsmiddelindustrien. Dette drivstoffet har ei reinare forbrenning og vil redusere klimagassutsleppa vesentleg.

Metanol er ei tilgjengeleg energikjelde som har fordelaktig energitettheit og lagringsmoglegheit, og grøn metanol gir svært lave utslepp. Kraftforsyninga vert støtta av ein stor batteripakke som gjer det mogleg med utsleppsfrie periodar i sårbare område. Ved å ta ned toppane i energiforbruket er dette også med på å optimalisere kraftforsyninga i skipet.

Med metanoldrift vil fartøyet oppfylle ønsket om utsleppsreduksjon frå dag éin. Det neste steget kan vere å installere brenselceller for metanol, og det vil bli sett av plass i skipet til ei slik oppgradering. Dette vil redusere utsleppa endå meir og gjere skipet lydlaust når det er i operasjon.

Skipsdesignet har også innebygd fleksibilitet til ei seinare oppgradering til hydrogen, som er ei utsleppsfri energikjelde. Ei oppgradering av skipet for å frakte flytande hydrogen (LOHC) er mogleg, i tillegg er det sett av plass til hydrogenkonteinarar, og det kan også installerast hydrogenbrenselsceller.

Cruisedesignet ULSTEIN CX129, her med løysingar for batteri, metanol og hydrogen innteikna som energikjelder.
Cruisedesignet ULSTEIN CX129, her med løysingar for batteri, metanol og hydrogen innteikna som energikjelder.


Lavutsleppscruise er mogleg allereie i dag ved å kombinere «dual-fuel» metanolmotorar og batterisystem.
- Med ein batterikapasitet på 4 MWh, ei total drivstoffrekkevidde på 11 000 nautiske mil på MGO/HVO, 3 800 nm på metanol og med moglegheit for ei framtidig oppgradering til 1200 nautiske mil rekkevidde med hydrogen, kan karbonutsleppa til eit cruise bli dramatisk redusert, seier Lars Ståle Skoge, kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions.

IMO = Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com