Designar X-BOW-containerskip med utsleppsfri framdrift for EDGE Navigation

Published


EDGE Navigation AS har valt Ulstein Design & Solutions AS som samarbeidspartnar i å utvikle eit X-BOW®-containerskip med utsleppsfri framdrift som eit ledd i å oppnå nullutslepp innan sjøtransport.

- Eit energieffektivt design er grunnleggande for alle nye containerskipsdesign, seier Jakob Tolstrup-Møller, administrerande direktør i EDGE Navigation.

Han held fram: - Energieffektivitet vil vere nødvendig for å lykkast med energiomstilling, og i Ulstein har vi ein partnar med ei omfattande referanseliste på innovative design, fleire av desse med den dokumenterte X-BOW®-løysinga. X-BOW vil redusere kraftbehovet per container i eit breitt spekter av operasjonar, noko som vil senke terskelen for å skifte til framdrift basert på grøn energi.

- Dette oppdraget er eit ideelt prosjekt for Ulstein, kommenterer Lars Ståle Skoge, som er kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions.
- Ein av kjerneverdiane våre er berekraftig vekst, og i dette prosjektet vidareutviklar vi containerskipsdesign ved blant anna bruk av fossilfri framdrift og det energieffektive X-BOW-skroget for å nå målet om grøn sjøtransport.

Den globale containerskipsflåten er i dag på rundt 5 350 skip med samla lasteevne på rundt 24 millionar TEU (Twenty-foot Equivalent Unit = Ei eining som vert nytta for å måle lastekapasitet for containerskip og containerterminalar.)
Alle skipa baserer framdrifta på fossil energi.

Energiomstilling

Det er over ti år sidan Tolstrup-Møller og Skoge hadde sine første samtalar om containerskip med X-BOW.

- Containertransport er ein integrert del av den globale økonomien og påverkar dagleglivet til alle, anten direkte eller indirekte. Energiomstillinga vil tvinge fram eit paradigmeskifte i den maritime industrien etter kvart som frakteselskapa og eigarane av lasta ser på kva som skal til for å eliminere utsleppa. Derfor må vi innovere ved å tilpasse og kombinere teknologien i arbeidet med å oppnå nullutsleppsframdrift. Med det store behovet for effektiv energiforbruk er X-BOW ei optimal designløysing, og vi jobbar no tett med Ulstein Design & Solutions for å utvikle eit effektivt design som opnar for innovative, grøne framdriftsløysingar, avsluttar Tolstrup-Møller.

EDGE Navigation er eit maritimt oppstartsselskap med fokus på å utvikle kommersielle skip med fossilfri framdrift slik at omstillinga til fornybar energi kan bli mogleg. Selskapet har base i Oslo.
ULSTEIN har hovudkontor i Ulsteinvik. ULSTEIN leverer produkt og tenester innan skipsdesign, skipsbygging og utstyrspakkar til den internasjonale marknaden.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com