Skipsdåp av CLV-fartøyet 'Nexans Aurora'
Kabelleggingsskipet Nexans Aurora vart døypt ved Ulstein Verft 8. juni 2021. Gudmor var Anne Lise Aukner, tidlegare Direktør i Nexans Norway
Trass i Covid-19-pandemien har prosjektframdrifta vore jamn, og skipet vart levert på tid 31. mai 2021, tre år etter at skipsbyggingskontrakten vart signert.
- Vi takkar Nexans for oppdraget. Den vellykka gjennomføring av prosjektet stadfestar Ulstein sin posisjon som ein av dei fremste aktørane i verda for bygging av denne type spesialskip. Det å vere ein del av ei komplett maritim klynge med sterk kopling mellom aktørane, har vore særs viktig for at vi har lykkast i dette prosjektet. Samhandling, nærheit til kompetanse og underleverandørar er vesentleg for å halde god framdrift. Samtidig har det gode samarbeidet vi har hatt med både Nexans og designaren Skipsteknisk vore avgjerande for eit vellykka prosjekt, seier konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti.
Det 149,9 meter lange og 31 meter breie fartøyet har ein kabelkapasitet på 10 000 tonn og er utrusta med topp moderne utstyr for kabel transport, installasjon og sikring.
Ragnhild Katteland, Executive Vice President, Subsea & Land Systems Business Group i Nexans seier: - Leveringa av kabelleggingsskipet ‘Nexans Aurora’ er eit viktig steg i vårt mål om å «Elektrifisere framtida» der vi vil skape eit tryggare, berekraftig, fornybart og inkluderande globalt energisystem. Kabelskipet ‘Nexans Aurora’ skal bidra til å opne for det store potensialet av fornybar offshore energi til våre kundar verda rundt. Vi er imponert av innsatsen frå Ulstein Group, MAATS Tech Ltd og Skipsteknisk for å levere ‘Nexans Aurora’ på tid, tross all uvisse og vanskar skapt av Covid-19 pandemien.
Når kabelskipet ‘CLV Nexans Aurora’ skal i operasjon, så skal det blant anna legge eksportkablar for havvindparkar og mellomlandssamband over heile verda, som for Seagreen OWF i Skottland, Kreta-Attika-samband i Hellas og Empire Offshore Wind-prosjektet i USA.
Please contact us for more information