Prosjektoppdatering National Geographic Resolution

Published


Konstruksjonen av bygg 316, ‘National Geographic Resolution’, eit ekspedisjonscruiseskip for Lindblad Expeditions, skrir framover ved Ulstein Verft. Etter å ha vore gøymd i dokkhallen sidan november er skipet no inn i ei avsluttande fase før testperioden og prøveturane tek til. No er det maling av skroget som pågår.

Baugpartiet til bygg 316 stikker ut frå dokkporten, men er heilt innepakka.
Baugpartiet til bygg 316 stikker ut frå dokkporten, men er heilt innepakka.


Den totale dokklengda ved Ulstein Verft er 225 meter, medan den overdekte indre dokka har ei lengde på 110 meter. ‘National Geographic Resolution’ har ei totallengde på 124,4 meter, så baugområdet stikk utanfor dokkporten. Likevel er ikkje noko synleg av baugen frå utsida, det er fullstendig innepakka og klargjort for maling.

Med oppstart i veke 14 har den blå fargen til Lindblad Expeditions vorte meir og meir framtredande på skroget. Framdrifta skjer frå akterenden og framover.

Der går elles føre seg arbeid over heile skipet. Det femner om aktivitetar som innreiing, elektrisk arbeid, stålutrusting og ventilasjonsarbeid.

Nyleg vart bysseutstyret til hovudbyssa på dekk 5 og mannskapsbyssa på dekk 4 installert. Det første som vart gjort utvendig på maling var maling av dei utvendige akterdekka. Ein held no på med inspeksjonar av mannskapslugarane. Snart tek ein til med å installere dei såkalla ‘Bolidt’-dørkane på ytre dekk.

'National Geographic Resolution' er søsterskip til 'National Geographic Endurance', som vart levert i mars 2020.

Please contact us for more information

Contacts

Companies