‘Ocean Odyssey’ på sjøen

Published


Ekspedisjonscruiseskipet ‘Ocean Odyssey’, eit ULSTEIN CX103-design, vart sjøsett ved CMHI-verftet i Haimen, Kina, den 23. oktober 2021. Fartøyet er eitt i ein serie på fleire cruiseskip som er bestilt av amerikanske SunStone Ships.

Ocean Odyssey - ULSTEIN CX103.
Ocean Odyssey - ULSTEIN CX103.

Sjå cruisewebinara våre

‘Ocean Odyssey’ vil bli eigd av SunStone Ships, men drifta av Vantage Cruise Line, som med dette vil få sitt andre skip innan femstjerners havcruise. Det første skipet er søsterskipet ‘Ocean Explorer’ som vart levert i 2021.

Salongar på søsterskipet 'Ocean Explorer'.
Salongar på søsterskipet 'Ocean Explorer'.

‘Ocean Odyssey’ er planlagt for levering i 2022, og har kapasitet til å ta med 162 passasjerar på turar rundt om i verda.

Det 104,4 meter lange ekspedisjonscruiseskipet vert bygd i samsvar med standarden ‘Polar Class 6’ som gjer at det kan gå lengre inn i polare område. Skipet har ULSTEIN X-BOW®, som gir mjukare rørsler ved grov sjø, noko som forbetrar komforten til passasjerane og mannskapet. Skipet køyrer på MGO (Marine Gas Oil) som har lavt svovelinnhald og er bygd ut frå miljøstandardar som gir reduserte utslepp til luft og sjø med lavare energiforbruk.

Ulstein leverer design og byggeoppfølging, men også ei betydeleg utstyrspakke som mellom anna inneheld IAS (Integrert Automasjonssystem), PMS (Power Management System), kraftpakke (tavler, baugthrusterstarter og drives), bru- og navigasjonsutstyr, og ULSTEIN COM (internett, tv, telefon, PA-anlegg).

Sjølve om skipet er moderat i storleik, har passasjerane eit rikt utval av område dei kan opphalde seg i. Skipet har ein observasjonssalong som går over to dekk, ein restaurant, bar og forelesingsområde, eit treningsstudio, skjønnheitssalong med spafasilitetar, sauna og treningsrom. Utandørs er der fleire observasjonsdekk, badebasseng og boblebad.

Frå bassengområdet og skjønnheitssalongen på søsterskipet 'Ocean Explorer'.
Frå bassengområdet og skjønnheitssalongen på søsterskipet 'Ocean Explorer'.

Med 22 gummibåtar om bord er det rikeleg med moglegheiter til å ta utflukter eller turar i land. Der er også utstyr om bord for vassportsaktivitetar som dykking, kajakkpadling og snorkling.

Please contact us for more information

Companies

Contacts