Leverer ekspedisjonscruiseskipet ‘Ocean Victory’

Published


Ekspedisjonsfartøyet 'Ocean Victory' har blitt levert frå CMHI-verftet i Haimen, Kina, den 12. oktober 2021. 'Ocean Victory' er eitt av seks cruiseskip som vert bygde for selskapet SunStone Ships. Alle er baserte på CX103-designet frå Ulstein Design & Solutions.

Video: Ulstein sin sjefsdesignar forklarar X-BOW®-konseptet

‘Ocean Victory’ vil bli operert av Victory Cruise Lines i sommarsesongen og Albatros Expeditions i vintersesongen. Etter prøveturen med ‘Ocean Victory’ annonserte Albatros Expeditions rekordlave utslepp per passasjer.

Sjå webinaret ‘Green polar cruising’

Hans Lagerweij (Albatros Expeditions) og Jose Jorge Agis (Ulstein International) presenterer.

Ser fram til sesongen i Antarktis

Hans Lagerweij, president i Albatros Expeditions, har følgd nøye med på framdrifta av skipsbyggingsprosjektet, og no ser han fram til Antarktis-sesongen.


- Første turen går den 26. november, der vi får oppleve ei solformørking mellom Antarktis og Sør-Georgia. Eg trur gjestane våre kjem til å bli begeistra over komforten og fasilitetane om bord, samtidig har vi halde på den hyggen ein får oppleve på eit kompakt lite ekspedisjonscruiseskip. Skipet er lett å finne fram i, og alt er lagt til rette for å kunne skaffe seg nye vener frå heile verda. Ikkje minst så ventar eg at gjestane våre skal bli særskilt nøgde med den yteevna og stabiliteten som vert tilført av X-BOW-designet når ein skal over Drake-passasjen på veg til Antarktis!

Les kapteinane si tilbakemelding på 'Ocean Victory'.

Utviklinga av fartøya for SunStone Ships

Designarane i Ulstein Design & Solutions verdset tilbakemeldingane:

- Vi har utvikla eit fartøy der vi ved hjelp av CFD-analyse (Computational Fluid Dynamics) har optimalisert skroget for lavt drivstoff-forbruk. I tillegg innarbeidde vi skroglinjedesignet X-BOW, ei løysing som først vart tatt i bruk innan offshore og først no nyleg i cruisebransjen. I tillegg til drivstoffinnsparingar fører X-BOW til mjukare rørsler i sjøen, det reduserer slag og vibrasjonar, og aukar komforten og kvile for passasjerar og mannskap, seier leiande skipsdesignar Torill Muren. Ho har førstehands erfaringar frå Drake-passasjen, då ho som representant for designselskapet vart invitert med på oppstartsturen til Antarktis med cruiseskipet ‘Greg Mortimer’, som er det først leverte skipet for SunStone Ships.

Sjå webinaret ‘First experiences with the X-BOW cruise vessels’.

Monique Ponfoort (Aurora Expeditions), Øyvind Gjerde Kamsvåg og Torill Muren (Ulstein) presenterer.


- Alle fartøya i SunStone Ships sin INFINITY-serie har Tier III-motorar med SCR-katalysatorar for å redusere utslepp. Dei går på Marine Gas Oil (MGO) som har lavt svovelinnhald, har varmegjenvinningssystem for spillvarme og LED-lys. I tillegg har dei behandlingsanlegg for avløpsvatnet, fortel ho.

Skipa har elles nullfartsstabilisatorar og dynamisk posisjonering, og er bygde i samsvar med Polar Code Category B, med Polar Class 6 (Ice Class 1A på framdriftssystemet). Alle fartøya er kundetilpassa versjonar av ULSTEIN CX103-designa.


Video: Tilbakemelding frå første kryssing av Drake-passasjen.

Ekspedisjonsskipa for SunStone

- Vi valte Ulstein på grunn av skrogdesignet og det tekniske designet deira, og at dei kan stille med prosjektteam i Kina som følgjer opp produksjonen, fortalde Niels-Erik Lund, president/konsernsjef i SunStone Ships då den første skipskontrakten ved CMHI-verftet vart annonsert i 2017. Han sa vidare:

- Det vart svært viktig for oss at vi fekk utvikla eit høgkvalitets ekspedisjonscruiseskip med dokumentert design og teknologi. Ulstein har designa meir enn 105 fartøy med X-BOW-designet. Desse skroga er utvikla for tøffe vêr- og bølgjeforhold, med høg komfort og god drivstoffeffektivitet.

Det er gode utkikkspunkt fleire stader i baugpartiet på Ocean Victory.
Det er gode utkikkspunkt fleire stader i baugpartiet på Ocean Victory.

Tre av skipa i INFINITY-serien er no leverte. Dei attståande tre skipa er i ulike fasar av konstruksjonen, eitt er i gong med i gangkøyring, eitt ligg på beddingen og eitt er under samanstilling.

Please contact us for more information

Companies

Contacts