Konvertering til ERRV-batterihybridskip
Esvagt og Ulstein signerer kontrakt for konvertering av to plattformforsyningsfartøy til ERRV-batterihybridskip.
Dei to plattformforsyningsfartøya 'Hermit Fighter' og 'Hermit Prosper' (tidlegare 'Blue Fighter' og 'Blue Prosper') vil bli bygde om til Emergency Response Rescue Vessels (ERRV) ved Ulstein Verft, og den grøne transformasjonen til batterihybridframdrift er det Ulstein Power & Control som står for.
Skipa vart opphavleg bygde på Ulstein Verft og kjem no tilbake til byggeverftet for å bli oppgraderte til meir miljøvenlege framdriftsløysingar og til eit nytt liv som ERRV-fartøy. Ulstein har utarbeidd detaljteikningane, og skipa kom til verftet seinhausten 2021.
Arbeidet inkluderer prosjektleiing, innkjøp, ingeniørarbeid, produksjon, kraft- og kontroll-leveransar. Det vil bli førebudd for ein batteri-konteinar for hybridkraft, metanoltankane skal byggast om til å kunne ha anna innhald, delar av hovuddekket vil bli omorganisert for å gi plass til ei redningssone, og nye MOB båtar og nye seksjonar som skal bli produserte og installerte på kvar side.
- Dette er veldig viktige prosjekt for ESVAGT, og vi er derfor glade for å få på plass ein kontrakt med Ulstein Verft og Ulstein Power & Control som skal optimalisere funksjonaliteten og gi forbetra energi- og utsleppseffektivitet på to høg-kvalitets X-BOW-fartøy, uttalar Kristian Ole Jakobsen, DCEO i ESVAGT.
Konvertering til grønare kraftløysingar
- Kontrakten er viktig for Ulstein. Vi skal gjere desse skipa klare for eit grønare framdriftsoppsett som inkluderer batteridrift, kommenterer Rolf Ottar Rovde, salssjef i Ulstein Power & Control. Rovde legg til: – Oppgraderingane vil redusere forbruk av drivstoff og gi mindre utslepp, noko som også vil forlenge levetida på dieselmotorane.
- Ulstein Power & Control leverte kraft- og automatiseringsløysingane til skipa då dei var nybygde. Leveransen vår no inkluderer kraft- og automasjonssystem for batteripakka, frekvensomformar og ombygging av tavler og drives, i tillegg til installasjon og igangkøyring, seier Rovde.
Ombyggingsprosjekt ved Ulstein Verft
Begge skipa er planlagt å vere ved Ulstein Verft i seks veker kvar. Den siste installasjonen og igangkøyring av hybridløysinga vil finne stad våren 2022 i tråd med driftsplanane for skipa.
- Vi ser fram til å bygge om to konkurransedyktige plattformforsyningsfartøy til meir marknadstilpassa og drivstoffeffektive ERRV-skip. Tidspunktet for denne jobben er heilt ideelt for verftet og passar godt inn i kjernestrategien vår om berekraftig vekst. Oppgradering av system er viktige brikker for å gjere verdsflåten grønare, seier Lars Lühr Olsen, administrerande direktør i Ulstein Verft.
Livssyklusperspektiv
- Det blir veldig bra å gjenoppta samarbeidet med ESVAGT, kommenterer konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti. – Prosjektet viser at Ulstein kan vere ein langsiktig partner som jobbar for å sikre framtidig konkurranseevne og berekraftige løysingar for kundane våre, seier konsernsjefen.
‘Hermit Fighter’ og ‘Hermit Prosper’, byggnummer 291 og 294 frå Ulstein Verft, blei begge leverte i 2012. Dei er dei første to skipa i serien av den velprøvde PX121-designen frå Ulstein Design & Solutions.
Please contact us for more information
Contacts
Companies
-
Ulstein Verft AS
P. O. Box 158,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway -
Ulstein Power & Control AS
P. O. Box 278,
Tel: +47 7000 8888
NO-6067 Ulsteinvik
Norway