Begge nybygga nominerte til 'Årets Skip'

Published


Begge nybygga ved Ulstein Verft er nominerte til Årets Skip, polarskipet National Geographic Resolution og kabelleggingsskipet Nexans Aurora. Kåringa vert gjort i august, og det er det maritime magasinet Skipsrevyen som står bak nominasjonane av skipa. Eit tredje skip, ferja Hydra frå Westcon-verftet, er også nominert.

Ein har høve til å stemme på sin favoritt her, og sjå dei førebelse avstemmingsresultata, men den endelege avgjersla vert tatt av juryen ut frå eit fagleg grunnlag og uavhengig av stemmeresultata.

NATIONAL GEOGRAPHIC RESOLUTION

Skipet er oppkalla etter kaptein Cook sitt favorittskip, men det moderne 'Resolution' er ein moderne og sikker plattform for polarutforsking. Skipet er spesialbygd for polarnavigasjon. Skipet har klassenotasjonen PC5 for polare turar, og er saman med søsterskipet 'National Geographic Endurance' til no dei einaste ekspedisjonscruiseskipa med slik høg isklasse. Skipet er designa for å navigere i polare passasjar året rundt, og kan på ein trygg måte utforske nye område. Med dette får Lindblad Expeditions forlenga polarsesongen og kan starte opp turar til Antarktis to veker før konkurrentane. Dei utvida tankane for drivstoff og vatn gjer at skipet kan dra på lengre turar til meir fjerntliggande område, medan nullfarts-stabilisatorar gjer at komforten vert best mogleg når skipet stoppar opp for å observere dyreliv eller når ein skal om bord i gummibåtane for utflukter.

Skipet er basert på Ulstein Design & Solutions AS sitt CX104-design. Eit grunnleggande designtrekk er Ulstein si X-BOW®-løysing som reiarlaget spesielt etterspurde. X-BOW fører til drivstoffeffektivitet og mjukare rørsler i møtande sjø. X-BOW har så langt vorte utprøvd på meir enn 100 offshoreskip, som arbeider under tøffe forhold. Nyleg vart baugløysinga oppdaga av cruiseselskapa, som har trykt den 'omvende baugen til sitt bryst. Baugområdet på cruiseskip er ofte ein samlingsstad tidleg om morgonen. Det er her ein kan stå og kike etter kvalar, pingvinar og delfinar. På eit skip med ein tradisjonell baug må ein lene seg over skipssida og kike bakover ned mot vasslinja. Med X-BOW vil ein på dette skipet kunne sjå rett ned i sjøen. Og det er ein fantastisk måte å sjå dyrelivet i havet på.

Covid-19-pandemien sette bremsene på i cruisebransjen, men no har ekspedisjonscruiseselskapa starta opp att reiseaktiviteten. I desse tider er det ein vinnarkombinasjon å kunne tilby skip med eit moderat tal passasjerar, kombinert med store fellesområde. På National Geographic Resolution er det god plass til 126 passasjerar. Komforten er eksepsjonell. Fartøyet har 69 utvendige lugarar, der dei fleste har balkongar med skyvedører frå golv til tak som gir spektakulær utsikt og rikeleg naturleg lys. Skipet kjem til å ha eit komplett utval av ekspedisjonsutstyr og det vil bli tilbode ei rekke opplevingar. Skipet er planlagt for levering siste halvår 2021.

'NatGeo Resolution' er søsterskip til 'NatGeo Endurance', og viser korleis teknologi opphavleg utvikla for offshore på ein vellukka måte kan takast i bruk innan nye segment. Foto: Uavpic.com.
'NatGeo Resolution' er søsterskip til 'NatGeo Endurance', og viser korleis teknologi opphavleg utvikla for offshore på ein vellukka måte kan takast i bruk innan nye segment. Foto: Uavpic.com.


NEXANS AURORA

Kabelleggingfartøyet Nexans Aurora har ruva godt ved kai hos Ulstein Verft i løpet av byggeperioden. Trass i Covid-19-pandemien har prosjektframdrifta vore jamn, og skipet vart levert på tid 31. mai 2021, tre år etter at skipsbyggingskontrakten vart signert. Nexans Aurora vart deretter døypt i ein koronavenleg seremoni 8. juni, og søndag 13. juni drog skipet frå verftet for neste steg i prosessen, å få om bord utstyr til sine første havvindoperasjonar. Skipet er spesialisert i transport og installasjon av undersjøiske høgspentkabelsystem og ei rekke undersjøiske konstruksjonsoppgåver. Fartøyet vil ha ei viktig rolle i Nexans si forsyning av avanserte undersjøiske høgspentsystem for å støtte elektrifisering, slik som samband mellom land og regionar, fornybare offshore-løysingar og elektrifiseringsløysingar for andre offshore-installasjonar. Når skipet kjem i operasjon, så skal det blant anna legge eksportkablar for havvindparkar og mellomlandssamband over heile verda, som Seagreen OWF i Skottland, Kreta-Attika-samband i Hellas og Empire Offshore Wind-prosjektet i USA.

'Nexans Aurora' er eit toppmoderne kabelleggingsskip for elektrifisering av framtida. Foto: Per Eide Studio.
'Nexans Aurora' er eit toppmoderne kabelleggingsskip for elektrifisering av framtida. Foto: Per Eide Studio.

Det 149,9 meter lange og 31 meter breie fartøyet er designa av Skipsteknisk og har ein kabelkapasitet på 10 000 tonn og er utrusta med topp moderne utstyr for transport og legging av kabel og umbilical inkludert buntlegging, kabelvern og -spleising.

Juryen

Juryen er samansett av Sverre Steen, som er professor og Instituttleiar for Institutt for Marin Teknikk, Lars Gørvell-Dahll som er bransjesjef i Maritim Bransjeforening i Norsk Industri/NHO, og Gustav Erik Blaalid som er ansvarleg redaktør i Skipsrevyen og også leiar av juryen.

Please contact us for more information

Contacts

Companies