Utrustinga av Nexans Aurora tek til på Ulstein Verft

Published


I juni 2018 signerte Nexans og Ulstein ein skipsbyggingskontrakt på eit stort, DP3, kabelleggingsfartøy (CLV) for å støtte marknader som havvindindustrien. Byggeprosjektet er no på veg over i ein ny fase ved at utrustingsarbeidet på Ulstein Verft no skal ta til.

'Nexans Aurora'
'Nexans Aurora'

Skroget til Nexans Aurora kom fram til Ulstein Verft 15. juni 2020 etter nokre dagars slep frå CRIST i Polen. Skroget vert no taua inn i dokkhallen ved Ulstein Verft, og etter dette vil aktivitetar som utrusting, elektrisk arbeid, isolasjon og rørlegging ta til. Ulstein Verft skal også installere hovudkomponentar som mellom anna hovudgeneratorsett, kraftpakke, dekksmaskineri, vinsjar og toppsideutstyr.

Nexans- og Ulstein-teamet var samla på kaia for å ta i mot slepet av 'Nexans Aurora.'
Nexans- og Ulstein-teamet var samla på kaia for å ta i mot slepet av 'Nexans Aurora.'

Førebudd for framtida

Nexans Aurora måler 149,9 m i lengda og 31 m i breidda. Ho blir førebudd for vertikale kabelleggingsoperasjonar og komplekse konstruksjonsoppgåver på havbotnen på djupt vatn. Skipet har også kapasitet både på struktur og system, og fleksible designfunksjonar slik at det enkelt kan bli tilpassa framtidige behov.

Stor kapasitet

Nexans Aurora vil verte utstyrt med stor kapasitet på kabelhandtering. Det inkluderer ei svingskive med kabelkapasitet på 10 000 tonn trommel med doble kabelleggingslinjer for ei sikker og effektiv handtering.

Høg yteevne

Fartøyet har også eit dedikert og lukka område for kabelspleising. Det gir eit kontrollert miljø som sikrar same standard som levert frå fabrikk.

Samla kompetanse

Kombinasjonen av erfaring og kompetanse i Nexans, Skipsteknisk, Ulstein Verft og MAATS Tech, som kvar for seg er leiande innan sine felt, har ført til utviklinga av eit kabelinstallasjonsskip som kan ta på seg oppdrag over heile verda, og som kan operere frå grunt til djupt vatn.

Please contact us for more information

Ulstein Verft AS

P. O. Box 158,
NO-6067 Ulsteinvik
Norway

Tel: +47 7000 8000

gr@ulstein.com