Løfte- og transportoppdrag for Island Offshore
Published
I juli 2020 vart tre objekt transporterte og løfta for reiarlaget Island Offshore. Blant desse var boligmodulen på biletet med ei vekt på 107 tonn. I tillegg vart det løfta eit ROV-dekk på 64 tonn og ein vinsj på 170 tonn. Alt blei løfta på land på Ulmatec Hareid på lager for Island Offshore.
Tungløftsavdelinga i Ulstein Verft tek på seg oppdrag langs heile norskekysten. Med ferdigrigga beltekran på lekter kan vi starte oppdraget med det same vi kjem fram. Krana kan også køyre på ulendt underlag. Følg oss på Facebook.
Vi løftar deg til nye høgder
Les meir om kranløft, transport og prosjekteringPlease contact us for more information