Kjølstrekk for cruiseskipet Sylvia Earle

Published


Det amerikanske reiarlaget SunStone Ships har seks ekspedisjonscruiseskip av Ulstein sin CX103-design for bygging ved CMHI-verftet i Kina. I juli 2020 vart det markert kjølstrekk for ‘Sylvia Earle’, som er skip nummer to av desse X-BOW-skipa.

"Keel laying ceremony" for 'Sylvia Earle'.
"Keel laying ceremony" for 'Sylvia Earle'.

Skipet ber namnet til ein anerkjent marinbiolog, oseanograf og oppdagingsreisande, som av Time Magazine har vorte kåra til ‘Hero for the Planet’. Fartøyet heidrar Sylvia sin mangeårige bevaringsinnsats for beskytta havområde og havdyr,' fortel cruiseoperatøren, Aurora Expeditions.

Skrogforma ULSTEIN X-BOW® har blitt brukt på offshorefartøy gjennom fleire år og på meir enn hundre skip, men søsterskipet ‘Greg Mortimer’ var det første med X-BOW i cruisebransjen. Skipsdåpen og jomfruturen i oktober 2019 vakte difor stor merksemd over heile verda.

I følgje Aurora Expeditions, vil ‘passasjerskipet vere det andre i flåten som siglar med den patenterte X-BOW®. Den ‘omvendte’ baugdesignen, i kombinasjon med dynamiske stabilisatorar, gir eineståande stabilitet og komfort ved havkryssingar. X-BOW® skjer gjennom bølgene, minimerer vibrasjonar og forstyrringar, og overfarta i bølger går raskare. Dette bidreg til å redusere drivstofforbruket vesentleg.

I tillegg til å forbetre komforten til sjøs, fører X-BOW® til ei forbetra sjåaroppleving ved at passasjerane kjem mykje nærmare det kringliggande miljøet enn ein kan oppnå på skip med tradisjonell bulb. Baugen på ‘Sylvia Earle’ vil vere utstyrt med ein unik glasatrium-salong over to plan, som gir fantastisk utsikt framover. I polare strøk inneber dette at passasjerar vil kunne gle seg over dei majestetiske isfjella i det dei dukkar opp i horisonten.’

Ulstein har levert skipsdesign, utstyrspakkar og byggeoppfølging. Skipa blir bygde ved CMHI-verftet, Kina, og ‘Sylvia Earle’ er planlagt levert i 2021.

‘Som ein del av vår haldning til forsvarleg reising, kjem vi til å halde fram med å kalle opp dei nye skipa etter oppdagingsreisande som brenn for sitt miljøengasjement. I tråd med Sylvia sin visjon og prestasjonar, vil ‘Sylvia Earle’ ha eit stort fokus på marin utdanning og bevaring. Aurora Expeditions sine skip er utrusta med nokre av dei minst forureinande motorane i verda, som ein kombinasjon av lavt energiforbruk, høg drivstoffeffektivitet og ein straumlinjeforma design. Den moderne Tier 3-motoren gir 80% reduksjon i utslepp samanlikna med dei eldre Tier 1-motorane og kan bruke virtuell forankring for å halde posisjon i staden for å sleppe anker på den sårbare havbotnen. Avsaltingsanlegg om bord konverterer sjøvatn til ferskvatn som kan drikkast. Skipa fører derfor med mindre ferskvatn noko som reduserer drivstofforbruket ytterlegare’, seier operatøren.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com