Havvindskipet plassert ved kaia
Byggnummer 315 ved Ulstein Verft, nybygget 'Windea TBN' for Bernhard Schulte, har vorte slept ut frå ytre dokk og vorte posisjonert ved utrustingskaia til verftet. Skipet er no i gong med førebuande arbeid til prøveturstart i byrjinga av mars.
I forkant av prøveturen er det ulike testar som no skal gjennomførast. Dette inkluderer oppstart av framdriftssystemet, testing av tårnet og krana.
Havvindskipet, som både er utstyrt med X-BOW® og X-STERN®, skal i arbeid som eit serviceoperasjonsskip for GE Renewable Energy på havvindfarmen Merkur Offshore Wind Farm utanfor kysten av Tyskland. Eit serviceoperasjonsskip fraktar servicepersonell og utstyr som trengst til installasjonar og vedlikehald på havvindfarmane, og det fungerer også som hotellskip.
Følg framdrifta av dette hybridskipet frå design til levering:
https://ulstein.com/the-process-of-building-a-battery-hybrid-for-the-offshore-wind-industry
Please contact us for more information
Companies
-
Ulstein Design & Solutions AS
P. O. Box 278,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway -
Ulstein Verft AS
P. O. Box 158,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway