Endring i leiarroller
Etter nær 22 år i stillinga har Gunvor Ulstein valt å gå ut av den operative rolla som konsernsjef. Saman med Tore Ulstein vil ho konsentrere seg om dei meir langsiktige moglegheitene for Ulstein framover. Dei er glade for at finansdirektør Cathrine K. Marti har takka ja til å bli ny konsernsjef.
Går av som konsernsjef
Etter nesten 22 år i stillinga går Gunvor Ulstein av som konsernsjef i Ulstein Group. Gunvor har gjennom denne perioden leia konsernet gjennom mange opp- og nedturar.
- At eg går av som konsernsjef, betyr ikkje at eg vil ha mindre engasjement for Ulstein. Som styreleiar i Ulsmo (Ulstein Group sin majoritetseigar) og styremedlem i fleire Ulstein-selskap, vil eg framleis jobbe hardt for at konsernet skal utvikle seg og ha ei levedyktig framtid, seier Gunvor Ulstein.
- Ulstein er eit familieeigd selskap. Når eg no har valt å gå ut av den operative rolla, vil eg i kraft av styreleiarrolla i Ulsmo, og saman med styreleiar i Ulstein Group, Tore Ulstein, konsentrere meg om dei meir langsiktige og strategiske moglegheitene for konsernet og næringa. For at verksemda skal fortsette å vere ein attraktiv arbeidsstad er det viktig å sleppe til nye krefter, sjølv om det medfører endring i eiga rolle. Eg vil sjølvsagt vere tilgjengeleg for den nye konsernsjefen. Ut over dette har eg ikkje lagt nokon planar.
- Vi har alltid tilpassa konsernet etter marknaden, og det skal vi gjennom kontinuerleg omstilling og utvikling fortsette å gjere. Etter at vi tok oss gjennom omstillinga frå olje og gass og over i nye segment, sette COVID-19 oss på ny prøve. Dette gjeld alle verksemder uansett næring. Vi har tilpassa oss ein ny kvardag og stadig endra regelverk, og det må vi rekne med å fortsette med inntil ei vaksine er på plass, seier ho.
- Gunvor er kjend som ein kunnskapsrik og handlekraftig konsernsjef, og som styreleiar vil eg takke Gunvor for hennar store engasjement og årelange innsats både i Ulstein og utanfor. Eg ser fram til vårt vidare samarbeid om utvikling av Ulstein, kommenterer Tore Ulstein.
Tore Ulstein gjekk ut av sine operasjonelle roller i Ulstein den 1. september 2020, for å konsentrere seg om dei langsiktige strategiske moglegheitene for konsernet saman med Gunvor Ulstein.
Ny konsernsjef i Ulstein Group
Cathrine Kristiseter Marti er tilsett som ny konsernsjef i Ulstein Group. Både avtroppande konsernsjef Gunvor Ulstein og styreleiar Tore Ulstein er svært glade for at ho har tatt på seg jobben. Ho kjem frå stillinga som CFO/finansdirektør i konsernet, ei rolle ho har hatt dei siste seks åra. Marti har ei mastergrad i økonomi frå Université Toulouse 1 Capitole/McGill University. Ho har i heile sitt yrkesliv jobba innanfor den maritime næringa, og blant anna vore tilsett i Höegh Autoliners og i DnB Shipping & Offshore før ho kom til Ulstein.
-Saman med ein svært god og kompetent administrasjon, har ho både kunnskapen og eigenskapane som skal til for å lykkast med å ta Ulstein vidare, seier Tore Ulstein.
Cathrine Marti tiltrer 2. november 2020.