Bygg 315 har fått namnet WINDEA JULES VERNE

Published


Bernhard Schulte sitt nye havvindskip, bygg 315 frå Ulstein Verft, får namnet 'WINDEA JULES VERNE'. Forfattaren Jules Verne var fødd i Nantes, der GE si havvindverksemd held til. Skipet skal jobbe for GE på havvindparken Merkur Offshore.

Jules Verne vart kjend for sine spennande og eventyrlege romanar som femnar om reiser i verdsromet, i lufta og under havet, lenge før dette var mogleg. Dei mest kjende bøkene hans er mellom anna ‘En verdensomseiling under havet’, ‘Jorden rundt på 80 dager’, og ‘Den hemmelighetsfulle øya.’

I tillegg til lidenskapen hans for science fiction, elska Jules Verne å vere på sjøen og han sigla rundt i Europa i båten sin, Saint-Michel.

Serviceoperasjonsfartøyet 'WINDEA JULES VERNE' er designa og bygd av Ulstein for Bernhard Schulte Offshore. Skipet skal snart bli tatt i bruk av GE sitt operasjonelle team på Merkur-vindparken utanfor Tyskland.

WINDEA JULES VERNE, foto: Bernhard Schulte Offshore.
WINDEA JULES VERNE, foto: Bernhard Schulte Offshore.

Please contact us for more information

Contacts

Companies