12-timars utsleppsfrie cruise
Den globale cruisemarknaden har hatt ein årleg passasjervekst på 6,6 prosent frå 1990 til 2020. Med aukande besøk i sårbare område vil det bli meir og meir viktig med nullutslepp. ULSTEIN ZED gjer at cruiseoperatørar kan besøke sårbare og verna område i opp til tolv timar utan klimagassutslepp eller lokal forureining.
Nye reguleringskrav som skal ivareta sårbare område avgrensar tilgangen til cruiseskip, mellom anna i Venezia og i enkelte norske fjordar. Desse tiltaka er ein del av ein breiare global innsats for å avgrense innverknaden frå turisme på lokalsamfunn og økosystem. For å redusere miljøskadelege påverknader og overhalde reguleringskrav, kjem cruiseoperatørar til å trenge nye tekniske løysingar.
Nullutsleppscruise
Ulstein har utvikla ei fullstendig løysing for kraftsystema som gjer at store cruiseskip kan vere utsleppsfrie ein hel dag.
Løysinga, ULSTEIN ZED, må tilpassast det enkelte skipet, men vil likevel ha ei kjerne av fellesnemnarar. Desse inkluderer kraftige batteri, energigjenvinning, spesialtilpassa oppvarming og ventilasjon, solcellepanel, lagring av varmtvann, og automatiserings- og skytenester.
ULSTEIN ZED er først og fremst ei løysing for nybygg, men nokre av komponentane kan også ettermonterast på eksisterande fartøy.
Ved sida av den tekniske løysinga vil nullutsleppsoperasjonar kreve nøye planlegging og organisering frå mannskapet om bord, og Ulstein bidreg også med retningslinjer for optimal drift av skipet.
Konkrete fordelar
ULSTEIN ZED let cruiseskip besøke utsette og verna område utan miljøutslepp eller negativ innverknad på lokale økosystem.
ULSTEIN ZED er ikke bare nyttig for éin-dags utflukter til sårbare område. Så fort batteria og strømstyringa har vorte installerte, kan ein systematisk bruk føre til ein vesentleg reduksjon i drivstofforbruket.
ULSTEIN ZED bidreg positivt til to av FN sine berekraftsmål:
9 Industri, innovasjon og infrastruktur: ULSTEIN ZED bidreg til at reiselivsnæringa kan operere med lavare klimagassutslepp.
14 Livet under vatn: ULSTEIN ZED bidreg til å redusere den negative effekta cruiseskip har på lokale marine økosystem.