Ulstein har fått kontrakt på fjerde cruiseskip for SunStone

Published


Reiarlaget SunStone Ships har signert sin fjerde skipbyggingskontrakt på eit ekspedisjonscruiseskip i Infinity-serien. Fartøyet, som skal byggast på CMHI-verftet i Kina, er eit CX103-design med X-BOW® og er designa av Ulstein Design & Solutions AS.

Designkontrakten for SunStone Ships var den første cruisekontrakten for Ulstein, eit skipsdesignselskap med lang erfaring frå offshoreindustrien. Den nyskapande skipsbaugen, X-BOW®, vart opphavleg utvikla for tøffe vêrforhold, men har også ein fordel ved at han gir meir plass i baugområdet. Denne ekstra plassen har på dette skipet blitt utnytta til romslege salongar med god utsikt.

Designa for luksusturar

Vantage Cruise Line har chartra det fjerde fartøyet, "Ocean Explorer", og har til no planlagt cruise til stader som søraust-Asia, Middelhavet og Skandinavia.

Infinity Class-fartøya er 104,4 m lange og 18,4 m breie. Dei har passasjerkapasitet på 130-200, og mannskapskapasitet på 85-115. Skipet er lite nok til å gi ei intim atmosfære, og stort nok til å kunne by på det meste av forventa tenester og fasilitetar, mellom anna jacuzzi, bar og restaurant, boutique, utandørskino, treningsstudio og spa. Skipet har mykje utstyr for utandørsaktivitetar, til dømes syklar, padlebrett og kajakkar, og små ilandsettingsfartøy.

Interkontinentalt samarbeid

Prosjektet er eit samarbeid over landegrenser, der reiarlaget, chartraren og interiørdesignarane held til i USA, skipsdesignet er utvikla I Noreg, og skipsbygginga går føre seg i Kina.

Representantar frå SunStone Ships (eigar), CMHI (verft), Tillberg (interiørdesignar), Ulstein Design & Solutions AS (skipsdesign og utstyrspakkar), og Makinen (innreiing).
Representantar frå SunStone Ships (eigar), CMHI (verft), Tillberg (interiørdesignar), Ulstein Design & Solutions AS (skipsdesign og utstyrspakkar), og Makinen (innreiing).

Det første fartøyet i INFINITY-klassen, “Greg Mortimer", er i sluttfasen før planlagt levering i 3. kvartal 2019.

Skip 1: Greg Mortimer
Skip 2: Sylvia Earle
Skip 3: Ocean Victory
Skip 4: Ocean Explorer

Frå skip 5: Opsjonar


Kontrakt med verftet
Ulstein sin kontrakt er med verftet, frå venstre Frank Zheng, viseadministrerande direktør for China Merchants Heavy Industry (Jiangsu) Co, Ltd og Lars Ståle Skoge, kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions AS.

Please contact us for more information

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw
Lars Ståle Skoge

Commercial director

Tel: +47 915 81 226

lars.skoge@ulstein.com