Frakta trålar på begge multiwheelerane
I april 2019 vart tungløftsavdelinga ved Ulstein Verft innleigd av Vard Aukra til å transportere ein trålar frå produksjonshallen til ein ventande synkelekter ved kai som skulle sjøsette trålaren. Det vert to slike jobbar til i løpet av sommaren og hausten.
Til denne transporten vart begge multiwheelerane til tungløftsavdelinga nytta. Det maksimale løftet som kan takast med dei to multiwheelerane er totalt 640 tonn. I dette oppdraget var totalvekta på trålaren nesten 580 tonn, så oppdraget ligg nær grensa for det maksimale vi kan greie å frakte med dei to multiwheelerane kombinert.
Multiwheelerane er av typen Goldhofer SPMT (self-propelled module transporters) for å kunne flytte tyngre kolli. Desse vert typisk frakta på vår 'Flex' lekter saman med mobilkrana vår på oppdrag langs kysten.

Please contact us for more information
