Sverre Farstad & Co overtek Blue King

Published


Det nye reiarlaget Sverre Farstad & Co har tatt over offshoresupplyfartøyet Blue King.

- Vi er svært glade for at denne avtalen no er på plass og vi ser fram til at skipet kjem i drift igjen. Det nye reiarlaget er eit er spanande tilskot til den maritime klynga i regionen og vi ønskjer dei lykke til framover, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Skipet er av designtypen PX121 frå Ulstein Design & Solutions og det vart levert frå Ulstein Verft i mai 2016. Ulstein har til saman levert 30 design- og utstyrspakkar til typen PX121 til ulike reiarlag, 10 av fartøya er bygde ved Ulstein Verft.