Milepæl for Lindblad sitt neste ekspedisjonscruiseskip
I samband med kjølstrekkseremonien for sitt andre polare cruiseskip-nybygg valde reiarlaget Lindblad Expeditions å offentleggjere namnet på skipet. ‘National Geographic Resolution’ vert kalla opp etter legendariske kaptein James Cook sitt favorittskip, 'MS Resolution'.
James Cook var den første som sigla rundt Antarktis, kryssa den sydlege polarsirkelen, og den første europearen som kom til Hawaii. Han var kaptein på fleire skip i løpet av livet, men favoritten var MS Resolution.
Nybygget til Lindblad er systerskip til National Geographic Endurance, som er under ferdigstilling ved Ulstein Verft.
National Geographic Resolution stettar Polar Class 5 Category A, og kan ta 126 passasjerar. Utstyrt med X-BOW, vil skipet vere drivstoffeffektivt samtidig som det gir ein betre komfort for gjestane ved mote sjø, og med høg isklasse kan skipet kome langt inn i polare område. Skipet har store drivstoff- og vasstankar for å kunne opphalde seg over tid i fjerne farvatn.
Som eit høgdepunkt ved kjølstrekkseremonien vart det lagt ned ein tradisjonell sølvmynt, ‘the Hawaii Sesquicentennial half dollar’, som vart utstedt i 1928 i samband med 150-årsjubileet for at kaptein James Cook kom til Hawaii. Denne sjeldne mynten er eigd av Sven Lindblad og viser kaptein Cook på eine sida og ein Hawaii-hovding på hi sida.
Lindblad Expeditions Holdings, Inc., jobbar saman med National Geographic innan ekspedisjonsreiser for å inspirere folk til å utforske og ta vare på planeten. Dei to selskapa samarbeider om å lage innovatine marine-ekspedisjonsprogram og å fremje naturvern og berekraftig turisme. Reisene er lagt opp som danningsreiser der gjestane møter leiande forskarar, naturvernarar og vitskapsfolk medan dei får sjå fantasisk natur, både over og under sjøen.
Ulstein har utvikla skipsdesignet for Lindblad-skipa, og ferdigstiller også skipa ved Ulstein Verft i Ulsteinvik.
Please contact us for more information
Companies
-
Ulstein Design & Solutions AS
P. O. Box 278,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway -
Ulstein Verft AS
P. O. Box 158,
Tel: +47 7000 8000
NO-6067 Ulsteinvik
Norway