Lindblad – med hjarte for å utforske

Published


Lindblad Expeditions har tinga to X-BOW® ekspedisjonscruiseskip for bygging ved Ulstein Verft. - Eg er ingen stor tilhengar av isnande kulde. Med mindre det er naturskjønt - då elskar eg det! Det seier Sven Lindblad i Lindblad Expeditions, ein ekspert på polarreiser.

Lindblad Expeditions har tinga to skip av denne typen, designa av Ulstein Design & Solutions, og med bygging ved Ulstein Verft.
Lindblad Expeditions har tinga to skip av denne typen, designa av Ulstein Design & Solutions, og med bygging ved Ulstein Verft.


Med Lindblad Expeditions tek Sven Lindblad deg berre til dei vakraste stadene. Han tykkjer ikkje om å sende turistar til Nordpolen - berre for å krysse det av på lista over ting ein har gjort.

– Over ei viss breiddegrad er det keisamt, der er ingenting. Eg er ikkje interessert i å ta med folk dit, understrekar han.

Afrika forma framtida til Sven

Sven er fødd i Sveits, oppvaksen i USA, men har svensk opphav. Han oppheldt seg i Sverige i mange sommarferiar, og budde der i eit par år frå han var 14 medan han gjekk på svensk skule. Reiser har alltid vore ein del av livet hans. Far til Sven starta eit reiseselskap i 1958 og var i 1966 den første som sende ein turistekspedisjon til Antarktis. Sven har også delteke på mange av faren sine ekspedisjonar.

Då Sven var 18 år hamna han i trøbbel etter å ha skrive ei veldig sint, politisk semesteravhandling på skulen sin i Washington.

– Far min ville ha meg ut av landet! Han arrangerte det slik at eg fekk ein sommarjobb i Uganda, og seinare fekk han organisert eit jobbtilbod for meg i Kenya. Eg oppheldt meg sju år i Afrika, og i løpet av dei åra fekk eg utvikla dei verdiane eg ber med meg i dag. Eg møtte herlege menneske der og opplevde den urørte naturen, dei store grasslettene og det endelause romet. Det ga meg ei stor fridomskjensle, og var ei fantastisk danningsreise.

- Ein dag kom far min på besøk og spurte om eg kunne kome heim for å jobbe for ham. Eg ville ikkje forlate Afrika, og eg ville absolutt ikkje jobbe i reiselivet, men min far var - og er - ein av heltane mine, så eg drog heim. Men eg var rastlaus. Etter eit par år i firmaet hans bestemte eg meg for å sette opp mitt eige. Naturleg nok var det ekspedisjonar til Afrika eg starta opp med, til dei stadene eg kjende så godt.

Marine polarekspedisjonar

Sven sine ekspedisjonar er havbaserte, han brukar små skip for å utforske djupare og lengre inn i det urørte. I dag har han spesialisert seg på dei polare områda. Det er ein lang veg frå safariane i det varme Kenya.

- Engasjementet mitt for skip er forankra i tida eg var i Afrika. Dei store hava gir meg den same gode kjensla av fridom som dei store slettene. Eg gjennomfører skipsekspedisjonar på same vis som eg planla safariane, begge drivne av det same ønsket om å oppdage, lære og forstå. På eit fartøy er du ikkje botten av fysiske strukturar, og vi går til forskjellige stader tilpassa sesongmessige endringar.

Første polare nybygg

Lindblad Expeditions har bestilt sine første polare nybygg frå Ulstein Verft. Det første, 'National Geographic Endurance' har fått namn etter Ernest Shackleton sitt skip, 'Endurance'. Shackleton er ein annan av Sven sine heltar. I 1916, etter at Shackleton og mannskapet hans hadde vore fanga i pakkisen på Antarktis i meir enn eitt år, tok Shackleton med fem av dei sterkaste blant mannskapet for å søke hjelp. Etter å ha kryssa over sjøen i 16 dagar i ein liten båt, gjekk Shackleton og to av mennene hans 51 kilometer til ein kvalfangststasjon og fann tak i hjelp. Alle i mannskapet blei redda.

Mindre er betre

Den nye ‘Endurance’ har mykje rom å tilby passasjerane. Fartøyet er 124,4 meter langt og har lugarkapasitet for 126 passasjerar.

- Kostnaden per lugar gjer at dette truleg er det dyraste passasjerskipet som har vorte bygd, seier Sven og ler høgt.

– Du oppnår ein stordriftsfordel med eit større fartøy, men selskapet vårt har eit unikt perspektiv. Vi har kome til den konklusjonen at mindre definitivt er betre.

'Endurance' er optimalisert for å gi lite innverknad på naturen og for det rette talet reisande slik at dei kan få sitt livs ekspedisjonsoppleving.

- Med fleire passasjerar vert opplevinga kompromittert, seier Sven.

Alliansen med National Geographic

Lindblad har i mange år samarbeidd med National Geographic.

- Då eg var barn, var vår informasjonskjelde til dei fjerne delane av verda gjennom magasina til National Geographic, seier Sven.

Deira vitskaplege tilnærming og flotte fotografi har alltid appellert til han.

- Det er heilt klart at klimaendringane er det største problemet mennesket nokon gong har skapt. Den einaste måten å kome seg ut av dette rotet som særleg våre born og barneborn vil kome til å møte, er å anerkjenne problemet og sette det i fremste rekke. Når ein tek folk med til polarområda får dei sjå isfjell høgare enn hus, og dei møter forskarar og spesialistar. Det gjer at dei utviklar eit kjenslemessig samband til problemet. Mange menneske med stor innverknad reiser med desse skipa, og eg har sett effektane på fleire ulike vis.

– Eitt resultat er eit fond som er stifta av National Geographic og Lindblad Expeditions der tidlegare passasjerar har donert 15 millionar dollar for å forbetre tilstanden til verdshava.

Øko-reiser

Gjennom reisene har Sven sett korleis naturen vert påverka av havforureining, og han er ein engasjert aktør i arbeidet for å ta vare på store havområde. På alle skipa i Lindblad-flåten har all eingongsplast inkludert plastflasker blitt fjerna for lenge sidan, og dei samarbeider no med forsyningskjeda for å eliminere plast i emballasje.

Eit anna middel for å redusere miljøpåverknaden av ‘Endurance’ er gjenvinningssystemet for spillvarme. Framdrifts- og maskineriløysingane er også nøye planlagt. Den diesel-elektriske løysinga er "blant dei mest miljøvenlege dieselmotorane som finst", i følgje Lindblad Expeditions sin senior viseadministrerande direktør – nybygg, Nikos Doulis.

Finanssjef Craig Felenstein, site manager Reed Ameel og senior viseadministrerande direktør – nybygg, Nikos Doulis – alle i Lindblad Expeditions, på besøk på skrogverftet. Reed og Nikos kjem til å jobbe på siteoppfølging på Ulstein Verft.
Finanssjef Craig Felenstein, site manager Reed Ameel og senior viseadministrerande direktør – nybygg, Nikos Doulis – alle i Lindblad Expeditions, på besøk på skrogverftet. Reed og Nikos kjem til å jobbe på siteoppfølging på Ulstein Verft.

For å unngå å forstyrre dyrelivet, er framdriftssystemet utstyrt med Silent E-notasjon for å redusere støyen til eit minimum.

X-BOW® - der fart og komfort spelar på lag

Eit bidrag er også X-BOW®, Ulstein si innovative designløysing.

- Vi vart fascinerte av teknologien bak X-BOW®. Det var vårt hovudomsyn.

Sven Lindblad, president og administrerande direktør i Lindblad Expeditions

- X-BOW®-skroget vart opphavleg tatt i bruk på offshorefartøy i Nordsjøen, med sikte på å oppretthalde fart og komfort i nokre av verdas villaste hav, forklarar kaptein Leif Skog i Lindblad Expeditions. Dei mjukare rørslene fører til redusert drivstofforbruk. Den uhindra utsikta gjer også at moglegheitene for å observere dyrelivet vert optimalt. X-BOW®-løysinga gjer det mogleg å sjå rett fram og ned langs skutesida utan å måtte lene seg framover.

Fekk kontrakt på design og skipsbygging

- Det var ein av ingeniørane våre som fekk nyss i X-BOW®-løysinga på ein konferanse, kom tilbake og snakka om dette, og oppfordra oss til å vurdere denne løysinga, seier Sven. Lindblad-representantar møttest då med eit Ulstein-team, og ikkje lenge etter vart skipbyggingskontrakten signert med Ulstein.

I tillegg til å byggje skipet, er Ulstein også eit skipsdesignselskap og står bak utviklinga av X-BOW®.

- Vi vart fascinerte av teknologien bak X-BOW®

- Vi er alltid på leit etter nye stader vi kan reise til, og med dette skipet lét Ulstein oss gå til stader vi ikkje har kunna gå før. Ved levering vil dette fartøyet ha den høgaste isklassa (PC5, kategori A) som er nytta på eit spesialbygd passasjerskip. Det gjer at vi kan bruke meir tid i polarområda. Ei av dei planlagde reiserutene våre vil vere ei 33-dagars Antarktis-reise frå Ushuaia i Sør-Amerika til New Zealand, noko vi kan gjere som følgje av isflyttingskapasiteten til dette fartøyet, fortel Sven.

- Det er ein sterk og grunnleggande skipsbyggingstradisjon i Noreg, men eg valte absolutt ikkje Ulstein på grunn av byggeprisen, seier Sven, og ler igjen. - Vi vart fascinerte av teknologien bak X-BOW®. Det var vårt hovudomsyn.

- Vi såg på mange ulike verft, med eit perspektiv på teknologi og prising. Vi fann at folk på Ulstein er greie å samarbeide med, dette er menneske vi kunne stole på. Dei handterer kompleksitet og er fleksible, noko som er verdifullt for oss som er førstegongsbyggjarar av polarskip. Når ein slår saman alle dei tinga som vi bryr oss om, var Ulstein det beste valet. Komfortnivået eg har med å byggje eit fartøy som dette på ein slik stad, det er på eit nivå som lét oss alle sove godt om natta.


Last ned Ulstein cruise-brosjyre

Få tilgang no

Please contact us for more information

Companies

Contacts