Kåra til beste industridesignselskap

Published


Ulstein er kåra til beste industridesignselskap 2019. Juryen peikte mellom anna på at selskapet har solid erfaring i botnen, risikovilje og ein sterk IPR-strategi, og har utvikla ein skipsbaug som er lett kjenneleg på lang avstand og som har blitt havets svar på den ikoniske Coca-Cola-flaska.

Kåringa gjekk føre seg på Industridesignkonferansen på Giske 3. oktober 2019. Prisen for beste industridesignselskap går til eit selskap som aktivt brukar design i utvikling og produksjon av produkta sine, og som fremjar design gjennom fleire ledd i organisasjonen og på den måten skapar betre produkt og aukar verdiskapinga - strategisk og heilheitleg.

Chief designer Øyvind Gjerde Kamsvåg og kommunikasjonsdirektør Lene Trude Solheim.
Chief designer Øyvind Gjerde Kamsvåg og kommunikasjonsdirektør Lene Trude Solheim.

Juryen var sett saman av representantar frå DOGA (Design og arkitektur Norge), AHO (Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo), NTNU (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet), EGGS Design og Next Digital.

Dette er juryen si grunngjeving:

"Ulstein utmerkar seg med å ta eit heilheitleg designperspektiv med produkt-, industriell og interaksjonsdesign, og med brukarsentrert design i utvikling og produksjon av sine innovative produkt. Selskapet har solid erfaring i botnen, risikovilje og ein sterk IPR-strategi, med merkevareregistrering, designbeskytting og fleire patenterte løysingar. Ulstein demonstrerer reell omstillingsvilje og har bevegd seg frå olje til vind og vidare til berekraftige løysingar. Dei utmerkar seg ved eit karakteristisk design som er synleg på mils avstand, og som har blitt havets svar på den ikoniske Coca-Cola-flaska."

Chief designer Øyvind Gjerde Kamsvåg tok i mot prisen, med ein takk til leiinga i Ulstein som gir rom og tid for at dei tilsette får tenke annleis. Han takka også alle dyktige kollegaer i Ulstein for tverrfagleg innsats gjennom mange år.


Fleire andre prisar vart også delte ut, og vi vil gjerne gratulere Jets Vacuum som fekk Berekraftsprisen, Nye Ålesund kommune for Årets Brand, og Tango Seaweed som fekk pris for beste industrinykomar.

Jets Vacuum, Ulstein, Nye Ålesund kommune og Tango Seaweed fekk alle prisar på Industridesignkonferansen.
Jets Vacuum, Ulstein, Nye Ålesund kommune og Tango Seaweed fekk alle prisar på Industridesignkonferansen.