Gode moglegheiter som lærling i Ulstein

Published


Skipsbyggingsområdet i Ulstein har oppdrag som strekkjer seg langt ut i 2021. Det gir ringverknader for heile regionen, også for dei som ser etter lærlingplass. Vi søkjer lærlingar som industrirørleggar, industrimekanikar, industrisnikkar og elektrikar.

I Ulstein får ein vere ein del av eit stort og inkluderande lærlingmiljø.

For tida har Ulstein inne 13 lærlingar, seks i Ulstein Verft og sju i Ulstein Elektro Installasjon. I tillegg er heile tredjeklasse elektro, elleve elevar, ved Ulstein vidaregåande skule på utplassering i skipsbyggingsområdet i heile ti veker, frå februar til april.

Stripsar og kablar
- Det er veldig lærerikt, fortel elektrolærling Ruben Halseth, som for tida jobbar i maskina på havvindskipet Acta Centaurus.

Elektroelev Lukasz Matusiewicz er på Color Hybrid-ferja, og har i tre veker blant anna hengt opp krokar, og stripsa, trekt og kobla kablar. Akkurat no held han på med å lyssette brua på skipet.

Velfungerande lærlingopplegg
Ulstein Verft og Ulstein Elektro Installasjon har ulike opplegg for lærlingane. Medan Ulstein Verft har fadderordning, det vil seie at ein fast tilsett har ansvar for ein eller fleire lærlingar, har alle montørane i produksjonen i Ulstein Elektro Installasjon eit felles ansvar for opplæring av elektrolærlingane. Begge opplegga fungerer fint.

Inkluderande miljø
Vanessa Lillerud er førsteårslærling som elektrikar. – Her er eit inkluderande arbeidsmiljø. Det er den elektromontøren vi skal jobbe saman med den dagen, som har ansvar for oss. Vi sirkulerer om kring på skipet vi jobbar på, nokre dagar skal vi jobbe på brua, andre dagar i innreiinga eller i maskina. Montørane er flinke til å forklare, og vi får dei detaljane som trengt for å utføre arbeidet. Viss vi gjer ein feil, får vi ingen peikefinger, men ein klapp på skuldra og ei helsing på vegen om ‘betre lukke neste gong’.

- Som lærling får ein jobbe med ulike menneske, og vi får gjennomgåande tilbakemelding frå lærlingane at dei føler seg godt ivaretatt og inkludert. Ulstein får også gode skussmål frå lærlingar som har vore her før, og som tilrår Ulstein som lærestad, fortel Hanne Notøy, som er lærlingansvarleg i Ulstein.

Søknadsfrist er 23. mars 2019.


Please contact us for more information

Companies